Kattunge vart funne to mil heimefrå etter å ha haika med bil

PÅ KONTORET: Margunn Rygg tok vare på kattungen på kontoret sitt, etter at ho fann den ved Elvetorget. No er katten trygt heime hjå matmor.

PÅ KONTORET: Margunn Rygg tok vare på kattungen på kontoret sitt, etter at ho fann den ved Elvetorget. No er katten trygt heime hjå matmor. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: – Eg var først redd for at den skulle vere dumpa der, seier Margunn Rygg. No er katten tilbake hjå eigaren.

DEL

Det var i 13-tida måndag at ho oppdaga den vesle kattungen på parkeringsplassen ved Elvetorget, nærast elva Jølstra.

– Eg såg han komme fram blant parkerte bilar. Han skreik og ville opp, så eg løfta han opp og gjekk blant bilane og såg om eg kunne sjå eigaren, eller kvar den kom ifrå, men eg fann ingen, seier Rygg.

Les også: 70 kattar treng ein stad å bu – ventelistene er lange

Ho jobbar i Fagforbundet, og bestemte seg for å ta hand om kattungen på kontoret sitt.

Deretter kontakta ho senterleiar og Dyrebeskyttelsen for å få hjelp til å etterlyse kattens eigar. Rygg laga også til ei sakna-melding på Facebook, der ho bad om hjelp til å leite.

Haika med bil frå Holsen

Sistnemnte skulle vise seg å gå raskare enn ho hadde sett føre seg, for rundt midnatt fekk ho tekstmelding frå eigar av kattungen.

Då viste det seg at kattungen hadde haika heile vegen frå Holsen, utan at eigaren var klar over det. Då bilen stoppa for å parkere ved Elvetorget, hadde katten funne ut at her måtte det utforskast.

– Ho hadde leita og leita, og fekk seinare tips av nokon om at det kunne vere hennar katt eg hadde funne, seier Rygg, som fekk stadfestinga då ho sende eit bilde til eigaren.

Den vesle kattungen vart returnert til sin rettmessige eigar tysdag føremiddag.

Les også: Kattungane hoppa på då matmor køyrde på jobb - vart funne fleire km unna

Stort engasjement

Det at katten kom seg frå Holsen til Førde, og tiilbake til eigaren så raskt omtalar ho som utruleg.

– Eg var først redd for at den skulle vere dumpa der, men heldigvis var det ikkje slik. At den er tilbake allereie syner at folk bryr seg. Det har vore eit enormt engasjement og stor deling på Facebook, seier Rygg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken