Suksess for ny SuperVeka-satsing

Det var god stemning på konserten i kantina på Høgskulen i Førde fredag kveld.

Det var god stemning på konserten i kantina på Høgskulen i Førde fredag kveld. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det var topp stemning, seier arrangørane.

DEL

– Det har gått kjempebra! Det har vore lite bråk og veldig god stemning blant publikum!

Det seier festivalsjef Benedicte Lunestad etter at festivalen som vert arrangert av studentar ved Høgskulen i Førde, er over for i  år.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar, og er veldige fornøgde med årets SuperVeka, fastslår Lunestad.

Festivalstyret har i fleire år ytra eit ønske om at SuperVeka ikkje berre skal vere for studentane, men også for øvrige folk i Førde. Det meiner Lunestad at dei i stor grad har fått til.

– Sjølv om det sjølvsagt var meir studentar og tidlegare studentar, var det også bra Soppmøte av førdinarar, seier ho førnøgd.

Økonomiansvarleg Øystein Brekke Skjelvan er rett og slett superfornøgd med årets festival. Berre ein detalj var litt uheldig.

– Laurdagen var det 157 på konsert, litt færre enn i fjor. Vi har litt uheldige med tidspunktet for årets festival, då mange sjukepleiarstudentar hadde eksamen og praksis, seier han.

Litt dårleg timing

Skjelvan meiner dette er grunnen til at besøkstalet på laurdagen ikkje vart heilt det dei hadde venta, noko dei vil bringe vidare til styret for neste festival.

– Men stemninga var likevel på topp! Det var kjempestemning begge konsertdagane. Rett og slett topp stemning heile tida, fastslår han.

Suksess med øl-kveld

Nytt av året var eit satsingsprosjekt på ølsmaking med mat torsdag kveld. Dei opna for 60 plassar, men hadde inga aning om kva dei kunne forvente.

– Det var berre seks billettar vi ikkje selt! Kvelden var heilt suveren, så dette kjem vi til å satse vidare på, forsikrar økonomisjefen fornøgd.

Artikkeltags