Stal vin frå kjendiskokk for 1,5 millonar

ROBBA: Ole Jonny Eikefjord sin vinkjellar på gourmetrestauranten Teatro i Oslo har blitt robba for vin til 1,5 millonar kroner. Arkivfoto.

ROBBA: Ole Jonny Eikefjord sin vinkjellar på gourmetrestauranten Teatro i Oslo har blitt robba for vin til 1,5 millonar kroner. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

OSLO/FØRDE: Tjuvar robba Gourmetkokk Ole Jonny Eikefjord frå Førde og hotellkonge Petter Stordalen for 50 flasker av verdas dyraste vin.

DEL

– Da vi kom på jobb, såg vi at døra inn til vinkjellaren var broten opp. Ved første augnekast såg det ikkje ut som at det var så mykje som var borte. Men dei har stole akkurat dei dyraste vinane, seier gourmetkokk og restauranteigar Ole Jonny Eikefjord til Tv2 om synet som møtte han då han kom til gourmetrestauranten Teatro.

Denne restauranten eig førdianaren saman med hotellkongen Petter Stordalen.

Kresne tjuvar

Tjuvane, som var av det tørste slaget, visste akkurat kva dei ville ha. Av dei 62 flaskene som dei stal, var heile 50 av verdas dyraste vin, nemleg vinmerket Romanee Conti. Denne vinen blei kjøpt på aksjon for ti år sidan.

– Visse rader er helt tomme. Dei skrella vekk det absolutt dyraste. Du må vere ganske god, skal du finne fram til akkurat desse vinane. Det er mange etikettar som er heilt like, seier Eikefjord til tv2.

Dyre dropar

Han trur vinen i dag er verd 1,5 millionar kroner, og at den vil vere verd om lag tre millionar kroner om fem år.

Politiet ønsker no tips som kan føre fram til oppklaring av saka.

Artikkeltags