Kyrkjerommet dirra av vakre tonar

Musikklinja Firda vgs i Vereide kyrkje.

Musikklinja Firda vgs i Vereide kyrkje. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Musikklinja ved Firda vgs heldt julekonsert i Vereide kyrkje. Skinande talent fekk utfalde seg. Sjå seks av høgdepunkta her, som videoar lenger nede i teksten.

DEL

Dei siste seks åra har eg vore så heldig å ha døtrer som går på musikklinja på Firda vgs. Dermed har eg år etter år fått med meg adventskonsertane i Vereide kyrkje, for meg sjølve starten på julekjensla.

Dei er berre ungdomar, heilt ned i seksten år, dei yngste, og kvaliteten på det vi får servert varierer. Det er ikkje berre berre å stå framfor 600-700 menneske i ei smekkfull Vereide kyrkje, og det hender at stundas alvor knugar utøvarane så hardt at du kjenner litt på medkjensla.

Men så kjem det stunder der ein og annan ungdom får att for tusen einsame timar på eit øvingsrom i ein kjellar, veker, månader og år med terping og repetisjonar, og dei stig fram på scena og berre skin så du får tårer i auga.

Her får du sjå nokre av dei som for meg var høgdepunkta. Eg er lei meg, Sofia Hyttedalen (som song sin eigenkomponerte song «You are»),  men då du song, vart eg så riven med at eg gløymte heilt å filme.

Første gong eg vart mint på kva talentoppvisingar vi kunne ha i vente, var då Arild Bjørkelo på marimba spelte «Long way home» av Chad Floyd. Han kalla stilt og forsiktig på merksemda med nokre vel tima, monotone tonar, og så, etter kvart, trilla det laust:

    Det som for meg skulle bli kveldens høgdepunkt, var Helen Tyssekvam, som song «Ave Maria» av Schubert. Ho begynte musestilt, men etter kvart låg stemma hennar som ein skjelvande streng gjennom kyrkja, og heile rommet skolv av musikalitet:

      Emma Sætren er ei jente du legg merke til. Ho fyller ein song med saft og kraft, og då ho sette i gang med salmen «Mitt hjerte alltid vanker», var det vakkert og andektig. Men du får fort ein mistanke om at inni der er det ei lita Carola (Häggkvist) som berre sprenger og vil ut, og at dette ganske snart kjem til å ta av med liv og lyst og tjo og hei, og... ja, du kan no sjå sjølv:

        Harpe er eit instrument eg ikkje ser traktert live så veldig ofte. At folk orkar dra rundt på eit slikt monstrum når dei kunne spelt gitar? Svaret ligg i dei klangrike tonane, det store spekteret av over- og undertonar ei harpe gjev, og med stykket «Nataliana» (av Deborah Hanson-Conant) fekk Stella Birthe Poland vist kva ei harpe kan brukast til:

          Så kom det som for meg vart kveldens overrasking: Ei tynn, vever jente går fram og grip mikrofonen, og så, frå første tone, eig Tea Berg rommet. Andrea Vinsrygg Steen og Ragnhild Eikeland korar, og Carl Henrik Buschmann spelar piano (og ertar Tea godt på den siste tonen). Når vi først er i gang med å trekke linjer til kjende popstjerner, så må eg seie at tankane mine var innom både Eva Cassidy og Mahalia Jackson. Okei, Mahalia Jackson var kanskje å ta litt hardt i. Vi er ikkje heilt der enno. Enno. Det er eit vakkert ord, det, når du har med ungdom som øver og øver å gjere. Kven veit kor dette endar:

            Med finalenummeret må kveldens underliggande kraft nemnast: Hanne Grete Heen, musikklærar, pianist, dirigent og arrangør. Ho akkompagnerte og losa den eine nervøse ungdommen etter den andre gjennom nummera, ligg bak og hjelper og ventar og tilpassar seg, og får dei til å skine. Finalenummeret hadde ho sjølv arrangert og innstudert, det vart urframført for dronning Sonja sist tysdag, og fredag fekk vi altså ta del i det.

            Ørjan Rygg (vokal første vers), Andrea Vinsrygg Steen (vokal tredje vers), Sofia Hyttedalen (overtonar siste vers), Helen Tyssekvam (overtonar siste vers), Lene Førde (sopransaksofon)og Mildrid Løken Taklo (cello) er solistar:

              Artikkeltags