Lydsenteret er konkurs

STENGT: Porten er stengd ved Lydsenteret, 27. juli opnar dei igjen for opphøyrssal.

STENGT: Porten er stengd ved Lydsenteret, 27. juli opnar dei igjen for opphøyrssal. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Lydsenteret i Førde er konkurs og har stengt porten.

DEL

– Det er Skatt vest og skatteoppkrevjaren i Førde som har kravd firmaet konkurs, seier bustyrar Andreas Rønnekleiv.

Han er på ferie og har ikkje nøyaktig oversikt over kor stort kravet frå skattevesenet er, men opplyser at det ikkje er store beløp.

Fleire krav i buet

Det er også klart at det er meldt fleire krav i buet, mellom anna frå huseigar. Bedrifta skuldar også pengar til Sparebanken Vest, ifølge Rønnekleiv.

Tilgjengelege rekneskapstal på Proff.no viser at rekneskapane dei siste tre åra har gått i minus, minst i 2015 då driftsresultatet var minus 28.000 kroner, størst i 2014 med eit negativt resultat før skatt på 176.000 kroner. Eigenkapitalen har vore negativ sidan 2014, går det fram av rekneskapstala.

Konkurssal

Konkursen vart opna 14. juli, og første skiftesamling er sett til 24. august i Sogn og Fjordane tingrett.

Laurdag 27. juli startar opphøyrssalet i butikken som held til i 3. etasje i Førde Torg.

Artikkeltags