Gå til sidens hovedinnhold

Slik helsar dei sommaren

Artikkelen er over 3 år gammel

Med «God sommar» på fronten.

Midt i fellesferien er store delar av det norske samfunnet i feriemodus. På anleggsområdet på Moskog har arbeidarane på utbyggingsarbeidet ved den kommande næringsparken i Førde teke ferie, og helsar ferierande med eit klart og tydeleg «God sommar» påmåla fronten på den største gravemaskina. I tillegg er det markert smilefjes på fleire av gravemaskinene.

Entreprenørselskapet K.A. Aurstad starta arbeidet på dette området tidleg i april, og planen er at det omtrent 70 dekar store industriområdet skal stå ferdig seinhaustes 2017, og at anleggsarbeidet totalt skal halde på i 23 veker. Anleggsområdet ligg avgrensa til mellom E39, riksveg 5 og elva Jølstra, og ligg så vidt innanfor Førde kommune sine grenser. Planen er også at Jølster kommune på motsett side av kommunegrensa skal stille 230 dekar til rådvelde til utviding av den framtidige næringsparken.

Rett etter at anleggsarbeidet starta opp rett føre påske, sende også arbeidarane denne påskehelsinga til ferierande.

Førde kommune har teke opp lån på 38 millionar til dette arbeidet, og då inngår også ny hovudleidning for vatn og kloakk mellom Farsund og Moskog.

Kommentarer til denne saken