Smilet bleiknar av nynorskfeil

TILSYNSPLAKATEN: Slik ser tilsynsplakaten frå Mattilsynet ut. Denne er frå Picasso restaurant, men alle plakatane Firda fann i Førde hadde same språklige innhald.

TILSYNSPLAKATEN: Slik ser tilsynsplakaten frå Mattilsynet ut. Denne er frå Picasso restaurant, men alle plakatane Firda fann i Førde hadde same språklige innhald. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

MAT: Etestadane i Førde har tilsynsplakatar som dels er skrivne på nynorsk og dels på bokmål.

DEL

Tysdag skreiv Sunnmørsposten om Nynorsk Kultursentrum som skreiv klagebrev til Mattilsynet fordi Ivar Aasen-tunet i Ørsta fekk tilsynsplakat på bokmål.

Mattilsynet beklaga, overfor Nynorsk Kultursentrum, at tilsynsplakaten var ei salig blanding av nynorsk og bokmål, skriv Sunnmørsposten.

Etter at Sunnmørsposten publiserte si sak tok Firda ei runde i Førde sentrum for å språkkontrollere tilsynsplakatane i nynorskbyen. Resultatet var ikkje oppløftande

«Mattilsynet har kontrollert etterlevelsen av sentrale krav i matlovgivinga. Resultata baserer seg på observasjonane som ble gjort og dei opplysningane vi fekk under inspeksjonen.,» denne teksten er prenta nede i hjørnet på tilsynsplakatane som heng utanfor seks ulike etestadar i Førde.

I teksten finn vi ord som ble og etterlevelsen. Desse to orda finn vi ikkje i nynorskordboka.

Smilet er øvst, men så kjem underoverskriftene

Også i underoverskriftene på plakaten dukkar det opp bokmålsord: Ledelse, sporbarhet og tilberedning finn vi i underoverskriftene, men ikkje i nynorskordboka.

Smil til maten, men ikkje til språket

Firda besøkte etestadane: Pikant, Picasso, Restaurant Bambus, Peppes Pizza, Dolly Dimples, Venezia og Førdekroa. Alle restaurantane hadde fått smilefjes for maten sin, men om ein ser på språket bleiknar smilet fort.

Alle plakatane hadde same språklege innhald. Noko som kan tyde på at plakatane er nynorskmalen som blir sendt ut av Mattilsynet.

Artikkeltags