Gå til sidens hovedinnhold

– Pass deg for falske rekningar

Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette er noko dei fleste berre må slette.

Det er Jan Roar Sekkelsten frå Førde sitt klare råd. I det siste har mange, både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar fått tilsendt falske fakurarar, eller falske eFakturaar, på epost.

Små beløp

Sekkelsten, som er konsulent på Servicetorget ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde, har lagt ut bilde av to av dei falske epostane han har fått tilsendt på sin Facebook-profil. Den eine var adressert til han personleg, medan den andre var adressert til klubben han er leiar for, nemleg Førde Bogeskyttarklubb.

– I begge tilfella er det snakk om relativt små rekningar som skal betalast. Men utfordringane er at desse fakturaene ligg skjult, og at du må klikke på ei lenke for å opne dei opp. Og det er då det verste i tilfelle skjer, seier Sekkelsten.

Han viser til at viss du aktiverer denne Dropbox-lenka, så vil du aktivisere ei zipfil, som igjen kan øydelegge det meste av det du har på PC-en din.

– Viss du opnar denne zipfila vil du oppdage at harddisken din kan bli kryptert. Og har du ikkje sikkerheitskopi kan du i tilfelle risikere å miste absolutt alt på harddisken. Stoffet, vere seg tekst eller bilde, vil ikkje kunne bli tilgjengeleg for deg, og du må i verste fall måtte «betale løysepengar» for å få stoffet tilgjengeleg igjen, seier Sekkelsten.

På innlegga han har delt på Facebook har han fått mange kommentarar, frå nær og fjern, på at det er mange som har fått tilsvarande epostar i det siste.

– Og det verkar som om dei nyttar seg av fleire store og kjende bedrifter som avsendarar av desse fiktive fakturaane. Både bompengeselskap, parkeringsselskap og større bedrifter går igjen, seier Sekkelsten.

Personlege

Han viser til at fakturaane dessutan er forsøkt gjort personlege ved at namnet på fingerte personnamn er brukt som avsendarar.

– Men sender du mail til desse får du sjølvsagt ikkje noko svar. Så det enklaste er berre å slette slike falske fakturaer. Du har ikkje noko å tape på det, men alt å vinne. For viss du klikkar på lenka, så kan det meste på maskina di bli kryptert. Og det er det vel ingen som har lyst til, seier Sekkelsten.

Han viser til at folk generelt bør vere litt meir skeptiske til kva som kjem via epost, og ikkje minst vere skeptiske når avsendarane ikkje er kjende.

Les også: Ikkje svar på denne

– Ikkje minst kan det vere lurt å sjekke epostadressa til avsendaren grundig. Det bør ringe nokre varselklokker viss fakturaen til dømes kjem frå ein hotmail eller yahoo-adresse. Det er jo ikkje mange bedrifter som nyttar det, seier Sekkelsten og ber folk slette slike mailar frå innboksen sin.

– Skulle du i verste fall slette ei reell rekning du har uteståande, så tek det ikkje lang tid før det kjem ei purring. Noko eg ikkje trur er tilfelle med desse. Desse er det berre å slette, seier han. 

– Gå til politiet

– Og skulle du i verste fall ha klikka på lenka, og opplevd at du ikkje lenger får tilgang til stoffet ditt, så er det berre å kontakte politiet, seier Sekkelsten og legg til:

– Dei som får innhaldet på maskina låst, må ikkje finne på å betale. Då finansierer du kriminelle handlingar og det er slett ikkje sikkert at dei låser opp likevel. Betre å bite tapet i deg og melde deg til politiet. Sjølv om det er flaut, seier Sekkelsten.

Kommentarer til denne saken