Det seier Hans Johan Breidablik om campingvogna si, som er heftig dekorert på alle baugar og kantar etter eit opphald på ein campingplass i Hemsedal.

– Eg blei åtvara på førehand frå han som eig campingplassen om at den såg fæl ut, så eg var mentalt førebudd då eg kom for å hente den.  Men den såg endå verre ut enn eg hadde trudd, seier Breidablik.

 

– Maks uflaks

For heile vogna er spraya, og særleg ille er det på den eine sida.

Breidablik skulle eigentleg hente heim vogna for ei god veke sidan, då var vogna like fin, men lysa verka ikkje. Dermed måtte han køyre heim til Førde utan campingvogna.

Les også: Fekk campingvogna pepra med kuler

– Det var i grunnen maks uflaks, for hærverket har skjedd etter dette. Dei som har gjort det, har brukt ganske lang tid, særleg på den eine sida. Særleg er vindauga målt att. Eg har prøvd så godt eg kan å få det vekk, men no har eg komme fram til at eg ikkje orkar arbeidet, så då sel eg den heller.

Gir opp og sel vogna

No ligg vogna ute for sal på Facebook på ei kjøp- og salside i Førde til 5000 kroner.

Vogna er 92-modell og i god stand elles, men treng altså eit målingsstrøk – med mindre «kunstverket» fell i smak.

– At vogna er i god stand elles, gjer det nesten verre, seier sunnfjordingen.

Fekk ein del blikk

Eigaren av campingplassen Rjukandefoss har politimeldt hærverket. Breidablik trur derimot det ikkje vil føre fram.

– Korleis var det å køyre frå Hemsedal og heim til Sunnfjord med ei slik vogn på slep?

– Hehe, ja, det såg ikkje heilt bra ut. Vi kom der med ein svart Mercedes og denne vogna, så vi fekk nok litt blikk. Særleg då vi måtte stoppe for vegarbeid. Heldigvis var det seint på kvelden.