23-åringen frå Førde kan nemleg skilte med både EM og VM sølv i aldersbestemt sandvolleyball. Han har fleire NM-gull i innendørs volleyball,  i tillegg til å vere på landslaget i begge sportane både som junior og senior, spelte han i fjor proff for den kypriotiske klubben Pafiakos. Det har krevd sitt.

– Sjølvsagt har eg måtte prioritere knallhardt. Volleyball gikk framfor det meste, så eg har ofra ein mange sosiale timar, og kanskje eit par karakterar, seier Lars Fredrik.

Prøvde seg som proff

Han meiner at det er den sterke interessa for volleyball og trening, som han fekk allereie i 4.klasse, er grunnen til at han har klart å prioritere slik.

– I fjor valde eg til og med å flytte frå kjærast og familie, for å prøve eit år som profesjonell spelar.

Det var eit veldig gjevande og annleis år, men etter kvart blei det for einsidig å berre spele volleyball. Dermed var det gamleklubben og heimbyen som freista mest.

– Det var kult å vere med på å skape eit nytt miljø i Førde etter at klubben kom på sisteplass i serien i fjor.

– Fantastisk

Og det har han ingen grunn til å angre på. Førre helg var han vinnar av Norgescupen for andre gang saman med resten av elitetroppen til Førde Volleyballklubb.

– Det var berre fantastisk godt, var orda han fekk fram rett etter at matchballen small i golvet. Endelig sigra han, etter dei to førre cupfinalane som begge enda med tap.

Sjølvsagt har eg måtte prioritere knallhardt

Lars Fredrik Tvinde, volleyballspelar og PT

 

Han samanliknar sigeren med den første cupfinalen han spelte i 2011. Då var han uerfaren, og spelte berre i mottak.

– Det var stort å spele med Geir Eithun og Nils Numme, som var veldig rutinerte og to av dei som inspirerte meg til å sjølv begynne på volleyball.

I årets finale fekk han sjølv vere ein slik spelar, då han saman med Mathias Loftesnes var dei to dei store poengplukkarane, med 13 og 16 poeng. Men sjølv om han er nøgd med det, siktar han høgare:

– Neste mål er å kvalifisere Førde til finalen i seriesluttspelet.

Fem treningstips frå Lars Fredrik

Lars Fredrik er personleg trenar hos Puls Førde. Her er fem tips til å lykkast med kva som helst slags trening.

1. Finn noko du likar

– For å ikkje gå lei, er det viktig at du trenar noko du sjølv synest er gøy.

2. Varier treninga

– Uansett kva du driv med, må ein huske på å variere treninga. Om ein trenar på same treningsprogram i eit år, venner kroppen seg til det og du får ingen framgang. Dessutan blir det nok kjedeleg og ein går lett lei.

3. Sett deg mål

– Å sette konkrete mål, for å så jobbe målretta for å klare dei er noko eg har veldig trua på. Om målet er for eksempel å bli sterkare i beina eller gå ned 5 kilo så veit du kva du må gjere, og trenar du variert innanfor det er kva som helst mål oppnåeleg.

4. Ikkje gå ut for hardt

– Noko av det ein ser at ungdom og andre gjer feil, og gjerne no etter nyttår, er at ein går ut for hardt og for ofte, og dermed misser motivasjon.

5. Tru på deg sjølv

– Det aller viktigaste, meiner eg, er at du må ha trua på deg sjølv, og på at opplegget ditt funkar og at det er verdifullt å bruke tida di på. Dersom du ikkje trur på det, snakk med trenaren din, du må i alle fall gjere noko med det.

Likevel meiner han at ein nødvendigvis ikkje treng å tenke på å gjere alt rett.

– Den største feilen ungdom kan gjere, er å ikkje trene.

Lese meir frå Firda Ung? Når folk ser Jostein (18) sine bilde får dei lyst å reise til Førde