Overveldande respons på ny stilling

GODT NØGD: Kari Valle er glad for at mange gode søkjarar har søkt seg til stillinga som frisklivskoordinator.

GODT NØGD: Kari Valle er glad for at mange gode søkjarar har søkt seg til stillinga som frisklivskoordinator. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: – Vi fekk 24 søkjarar på den nye stillinga som frisklivskoordinator, seier Kari Valle.

DEL

– Søkjarane har overveldande god kompetanse. Det var veldig mange gode søkarar, seier leiar for Førde frivilligsentral, Kari Valle, om den nye stillinga som frisklivskoordinator i Førde kommune.

Då søknadsfristen var ute, sat kommunen att med 24 søkarar.

– Det er kjempebra! seier Valle, som sjølv også jobbar i frisksenteret og med frisklivssatsinga.

Stort spekter

Valle fortel at det for det meste var kvinner som søkte, men at det også var sju menn som ønskte seg til stillinga.

– Spekteret i alder var stort, frå tidleg i tjueåra til nærare seksti, opplyser Valle.

Ho trur at den store responsen kjem av at dette er ei heilt ny stilling i Førde kommune, og at mange finn den interessant og variert.

Dette er søkjarane

Anne-Line Korsbakken (41), Naustdal

***** Kvinne (57)

Benedikte Kvalsvik (31) , Svelgen

Camilla Søvik (35), Naustdal

***** Kvinne (36)

Daniel Rød (25), Førde

Eivind Stølen (32), Bergen

Gjertrud Stave Aksnes (41), Førde

Halvard Avdem (35), Skei i Jølster

Hanne-Cecilie Sande (25), Florø

Helene Ulvik Stenseth (27), Førde

Helle Waage (29), Oslo

***** Kvinne (43)

Johan Pettersen (37), Førde

Julie M Kirketeig (36), Førde

Kenneth Jørgensen (28), Sande i Sunnfjord

Lill Anette Juvik (44), Førde

Marie Nygård (26), Førde

Marie Sørum (24), Sogndal

Mohamed Riyal Hazeem Mohamed Riyas (39), Førde

Reidunn Bergheim (60), Førde

Rikke Due (38), Eikefjord

Rune Rajendram, Eikefjord

Tina Paasche (26), Åmot

Fram til no har dette berre vore ei innleigd prosjektstilling, der Camilla Søvig har hatt femti prosent stilling.

– Så vi gler oss til ein større stillingsressurs, for behovet er der, legg Valle til.

 I søknaden søkte dei etter søkarar med idrettsfagleg eller helsefagleg utdanning frå høgskule. Men også søkarar med langt høgre utdanning har søkt på stillinga.

– Det var overveldande god kompetanse i søkjarmassen. Det var veldig mange gode søkarar, og også dei med masterutdanning har søkt. Så det blir ikkje heilt lett å velje. Men det er klart at dei personlege eigenskapane og det å vere god på å skape tillit og å halde kontakt, det kjem vi til å leggje stor vekt på, seier Valle.

Variert kvardag

Ifølgje Valle blir det ein variert kvardag for personen som vert tilsett som frisklivskoorinator.

– Den skal drifte frisklivsarbeidet i Førde, som går på helsefremming og å vere der for dei som ønsker ei livsstilsendring og å leggje til rette for aktivitetar og kurs for dei over 90 deltakarane på frisklivssentralen, seier Valle, og legg til at det også blir helsesamtaler og oppfølging av brukarane av tilbodet. Også turar, bassengtrening og klatring er sentralt i aktivitetstilbodet som vert tilbydd.

Valle fortel at det også blir samarbeid med folkehelsekoordinatoren og frivilligsentralen.

– Kor mange av søkjarane kalla de inn til intervju?

– Vi kalla inn fem personar, og er akkurat ferdig med intervjurunden, seier Valle, som håper at den nytilsette blir klar til å starte i stillinga 1. januar 2018.

Artikkeltags