Klipte av og stal matter frå idrettslag for 2400 kroner

FRUSTRERT: – Utruleg frekt, meiner Jan Svoen i Førde IL. Sprintmattene er innlåst på Førdehuset inntil vidare.

FRUSTRERT: – Utruleg frekt, meiner Jan Svoen i Førde IL. Sprintmattene er innlåst på Førdehuset inntil vidare. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FRIIDRETT: Det må vere toppen av frekkheit når Førde IL sine nye treningsmatter har blitt skorne sunde og stolne.

DEL

– Det er kjedeleg og frustrerande. Jævelskap, rett og slett, seier og trenaransvarleg og styremedlem i Førde IL, Jan Svoen, etter at delar løpsmattene til idrettslaget vart stolne.

Idrettslaget kjøpte mattene for 300 kr meteren. Dei har mista verdiar for 2400 kroner, og ei viktig treningsmoglegheit for sprintarane.

To omgangar

– Dei har skore av åtte meter, og antakeleg funne ut at dei ikkje fekk med seg alt, seier Svoen. Han fortel at tjuven har fått med seg tre meter først, og pakka resten fint saman med resten av matta, så ingen skulle sjå kva som hadde hendt. Veka etter har tjuven kome att og bore med seg fem meter til. Åttemetersbiten var tung, så gjerningspersonen har nok funne ut at det vart for tungt, og delt han i to, fortel Svoen.

Vil ikkje leggje mattene utandørs meir

Idrettslaget kjøpte nye matter i januar. Den 60 meter lange og 250 kg tunge matta vart rulla ut i den gamle gangtunnelen ved Steinenkaia i Førde. Dei hadde fått løyve av Teknisk Drift til å rulle ut mattene, som skulle vere eit godt alternativ til friidrettsutøvarane som trena sprint. Utøvarane skulle få trene med piggsko sjølv om stadion var snølagt på vinteren.

– Det er utruleg frekt. For å kunne satse på sprint må vi ha tilgang til desse mattene når det snør på vinteren. Det får vi ikkje no, fortel han. Mattene vert ikkje lagt utandørs meir.

– Vi har rulla dei saman og låst dei inn. Vi tek ikkje sjansen på å leggje dei ut att, seier Svoen. Tidlegare har friidrettslaget trena sprint på Førdehuset, men der er det ikkje lenger belegg for piggsko på golvet.

Må ha vore vaksne

Fordi mattene er så tunge, trur ikkje Svoen at born kan ha gjort ugjerninga. I tillegg, var mattene tydeleg merkte med Førde IL.

– Det må vere vaksne folk som treng matte på terassen eller noko slikt, seier han. Mattene er omlag 15 millimeter stjukke, og mjuke å gå på, så Svoen ser ikkje vekk frå at nokon kanskje har hatt behov for ei matte ved ein arbeidsbenk, eller noko slikt. 

Friidrettslaget har ikkje fått tips om kva som har hendt og kven som har gjort ugjerninga, men la ut ei melding på Facebooksida til friidretten i går.

Artikkeltags