Birgitte (24) blir gravlagt i dag

Birgitte Kallestad blir gravlagt i Foldnes kyrkje på Sotra onsdag.

Birgitte Kallestad blir gravlagt i Foldnes kyrkje på Sotra onsdag. Foto:

Døydde etter å ha blitt smitta av rabies på ferie på Filippinane.

DEL

Birgitte Kallestad (24) døydde fredeleg med sine nærmaste rundt seg på Førde sentralsjukehus måndag 6. mai.

24-åringen var oppvaksen i Fjell kommune. Onsdag blir ho gravlagt frå Foldnes kyrkje, skriv Bergensavisen.

Lekte med kvelp

Birgitte Kallestad døydde etter å ha vorte smitta av rabies. Ho budde i Førde og jobba på Førde sentralsjukehus, men er frå Fjell i Hordaland.

Torsdag kveld sende familien ut pressemelding via talspersonen sin; smittevernlege Jens Eikås.

Namnet er frigitt: Birgitte Kallestad døydde av rabies 

– Då det no verserer mange rykte, vel vi å gå ut med den sanne historia om kva som skjedde, melder dei i ei pressemelding.

– Birgitte reiste til Filippinane i februar saman med fleire venner. Då dei var ute og køyrde moped, såg dei ein liten hjelpelaus kvalp i vegkanten. Birgitte løfta kvalpen opp i ei korg, og tok den med heim. Ho vaska og stelte den og den begynte til hennar glede å friskne til. Dei leika med kvalpen i hagen. Alle i huset leika med kvalpen, også familien som budde i resorten, og naboungane. Etter kvart begynte kvalpen å bite etter dei på kvalpevis. Den nappa etter fingrane når dei leika. Alle fekk nokre små kvalpebitt i ferien. Birgitte som sjølv er helsearbeidar gjorde alt ho skulle. Dei små skrammene var ikkje større enn at dei blei sterilisert. Ingen av dei ho var saman med såg noko behov for legetilsyn.

Elska dyr

– Først etter at ho hadde vore heime i Norge i lang tid, begynte ho å bli sjuk. Ingen kopla dei små skrammene frå ferien til sjukdommen, aller minst ho. Sjukdommen utvikla seg vidare mens legane kjempa for å finne ut kva som var gale. Ho hadde fleire turar til legevakta, og blei til slutt innlagt. Ein lege meinte at symptoma kunne likne på rabies. Reisefølget var ikkje vaksinert. Det er fordi denne vaksinen ikkje er på lista over vaksinar som er påkravde til Filippinane, med mindre du reiser til område med dårlege hygieniske og sanitære forhold.

– Vår kjære Birgitte elska dyr. Vår redsel er at dette skal skje andre som har eit varmt hjarte som henne. Vi ønsker at denne vaksinen blir med i programmet for stader der det kan vere rabies, og at folk blir merksame på farane. Klarer vi å oppnå dette kan vår solstråles død redde andre.

Varm helsing frå familien.

I dødsannonsen står det at ei gåve til Dyrebeskyttelsen er like kjært som blomster.

– Veldig tøft

BA har tidlegare snakka med talsperson Jens Eikås. Då sa han mellom anna følgande om saka:

– Korleis har dei siste dagane vore?

– For familien har det naturlegvis vore veldig tøft. Då rabies-diagnosen vart sett, fekk dei samtidig vite at det ikkje gjekk an å gjere noko, fordi det allereie var oppdaga nevrologiske symptom. Ho var i ein alder då ein har stor omgangskrets, og det er klart denne tragedien påverkar omgivnadene.

– Ho kom frå ein mindre stad i Fjell?

– Ja, ho er frå ein stad med relativt få menneske. Det verkar som om dei fleste kjenner kvarandre. Då blir det tungt for alle. Mange bryr seg på ein god måte. No blir familien omgitt av varme og støtte.

Artikkeltags