Droppar Operasjon Dagsverk

PÅ JOBB I SOLIDARITET: I fjor jobbar Matilde Gjesdal på klesbutikk til inntekt for OD. I år har Hafstad vgs droppa OD-dagen fordi mange elevar heller kjøper seg fri enn å jobbe i solidaritet.

PÅ JOBB I SOLIDARITET: I fjor jobbar Matilde Gjesdal på klesbutikk til inntekt for OD. I år har Hafstad vgs droppa OD-dagen fordi mange elevar heller kjøper seg fri enn å jobbe i solidaritet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: For få deltek på OD-dagen til at Hafstad vidaregåande skule vil fortsette opplegget.

DEL

Etter at for få skaffa seg jobb på OD-dagen i fjor, vedtok rektor og elevstyret ved Hafstad vgs. å droppe prosjektet i år.

– Det er vanskeleg å engasjere elevane, og mange kjøper seg ein fridag. I fjor valde mellom 60 og 70 elevar å møte opp på skulen i staden for å delta på OD-dagen, seier rektor Nina Bygstad ved Hafstad vgs.

Må bidra sjølv

Herman Schmider, leiar for elevstyret ved Hafstad vgs., understrekar at dei aller fleste elevane ønsker å vere med på Operasjon Dagsverk, men at ingen vil bidra til å arrangere dagen.

– I år ville ingen sitte i eit OD-styre, sjølv om rundt 90 prosent er positive til OD-dagen. Då blir det for mykje arbeid for dei få som må stelle i stand prosjektet, seier Schmider.

UETISK: Herman Schmider (18) og Daniel Ramsli (18) meiner det strir mot poenget med OD at elevar kjøper seg ein fridag framfor å jobbe.

UETISK: Herman Schmider (18) og Daniel Ramsli (18) meiner det strir mot poenget med OD at elevar kjøper seg ein fridag framfor å jobbe. Foto:

Han og kompisen Daniel Ramsli meiner OD-dagen ikkje har fungert slik den burde, og at det er nær uetisk at så mange vel å betale for å få ein fridag.

– Konseptet med OD er fantastisk, ein skal ofre ein dag av livet sitt for å jobbe for eit godt formål. Men det blir feil når utføringa blir ei heil anna, seier Schmider.

– Skulen skal vere gratis for alle, då blir det og feil at nokon kan betale for ein fridag når ikkje alle har moglegheita til det, skyt Ramsli inn.

– Pengane ikkje viktigast

I år har Hafstad vgs. erstatta OD-dagen med ein internasjonal dag, med foredrag om forskjellige land og problemstillingar. Slik vil rektor engasjere elevane i kva som går føre seg i verda.

– Eg tenker at pengane ikkje er målet, tanken er at elevane skal vise at dei bryr seg og vise omtanke. Pengane må ikkje vere det einaste målet, seier Bygstad.

Ho meiner, i likskap med Schmider og Ramsli, at utfordringa for skulen har vore manglande engasjement og innleving.

– Viss ein har den haldninga at ein heller kjøper seg fri, då har vi ikkje komme så langt i å leve oss inn i korleis andre har det.

Rektoren har registrert at fleire elevar er negative til at OD-dagen blir droppa. Ho understrekar at det berre er eit opplegg dei prøver ut i år, og at det er mogleg det blir OD-dag i 2018 viss elevane jobbar for det.

Betre for det sosiale

Elevrådsleiar Thale Fink meiner det alternative opplegget skulen la opp til i år fungerte bra. Planlegginga av OD-dagen fell i stor grad på elevrådet. Det blei for mykje arbeid til at dei kunne gjennomføre på ein god måte, fortel ho.

Ho synest opplegget rundt Internasjonal dag har funka greitt, men at det har blitt mykje dødtid.

– Dette er første gang vi arrangerer noko slikt, så ting kan blir betre. Men føredraga var interessante, og eg trur mange har fått mykje ut av dagen. Det har vore veldig sosialt, eg trur det har styrka miljøet på skulen, seier Fink.

SOSIALT: Elevrådsleiar Thale Fink (17) meiner skulens internasjonale dag er betre for skulemiljøet enn OD-dagen.

SOSIALT: Elevrådsleiar Thale Fink (17) meiner skulens internasjonale dag er betre for skulemiljøet enn OD-dagen. Foto:

Vil hjelpe skulen å engasjere

– Det er leit at nokon vel å ta OD-dagen som ein fridag, men ein må ikkje gløyme dei som faktisk jobbar, det er mange av dei også, seier Sunniva Roligheten, medlem av OD sin distriktskomité i Sogn og Fjordane.

Ho synest det er kjedeleg at skulen vel bort Operasjon dagsverk fordi mange ikkje deltek. Roligheten fortel at distriktskomiteen i fylket har blitt langt større dette året, og at det kan hjelpe på engasjementet hos elevane.

– Vi arrangerer seminar der elevane kan komme og lære om OD, mange er veldig nøgde med dei, seier Roligheten, og legg til at skulane og kan få hjelp med å finne jobb til elevane ved å kontakte distriktskomiteen.

Talet på skular som deltar i år er det same som i fjor, opplyser Roligheten som håpar fleire blir med neste år.

– Nokre skular vel å bytte mellom OD og andre prosjekt frå år til år.

Roligheten meiner det ikkje er eit problem, så lenge elevane får lære noko om verda og det å engasjere seg for andre.

Les også: Av med og for ungdom

Artikkeltags