Her flytter Fredskorpset inn torsdag

KONTORSTAD: Dette blir første kontorstaden til Fredskorpset i Førde. Men i august må dei ha større lokale.

KONTORSTAD: Dette blir første kontorstaden til Fredskorpset i Førde. Men i august må dei ha større lokale. Foto:

FØRDE: Førde rådhus blir den første kontorstaden til Fredskorpset i Førde. Og torsdag er det opning av kontoret.

DEL

– Vi begynner der medan vi leitar etter større lokale som skal huse alle frå august av, seier den nye direktøren, Jan Olav Baarøy.

Les også: Sunnmøring ny sjef for Fredskorpset – gler seg til å flytte til Førde

Les også: Grete Indrebø (48) og Morten Rørvik (44) begynner i jobb i Fredskorpset 

Korpset skal leige 80 kvadratmeter i 1. etasje ved sida av NAV og Sunnfjord Utvikling og skal betale ei månadsleige på 19.000 kroner. Leigeforholdet går frå 1. februar til 30. juli med høve for Fredskorpset til å forlenge avtalen i to månader.

Fram til august

– Det er ikkje eit stort lokale, men det er nok til oss som skal vere der fram til sommaren. Då må vi ha nye og større lokale. Vi sender ut interessemeldinga i avisa no der alle som har høve til å huse oss, kan melde si interesse, seier Baarøy.

Grete Indrebø frå Førde tok til som administrasjonsrådgjevar 1. februar, mens Morten Rørvik frå Høyanger begynner som avdelingsdirektør 1. mars. Baarøy sjølv skal pendle mellom Førde og Oslo til verksemda der er avvikla.

– Den største jobben framover blir å avvikle kontoret og alle kontraktane med dei tilsette i Oslo, og at dei som blir med over kjem, godt i gang, mens drifta med nokre og 90 samarbeidsorganisasjonar går som om ingenting har skjedd, seier Baarøy.

Åtte blir med til Førde

Han konstaterer at dette er ein stor jobb. I tillegg skal det tilsettast folk for å kompensere for dei som ikkje blir med frå Oslo.

– Vi skal finne folk som passar inn, og dei skal begynne å jobbe i lag med dei som er her frå før. Og det vil vere fleire nye enn gamle. Her vil vi ha moglegheit til å skape ein miks, seier Baarøy.

Åtte blir med over frå Oslo. Det er nesten ein fjerdedel, og det er eg veldig nøgd med, fortel den nye direktøren.

I desse dagar blir det lyst ut 10 nye jobbar i Fredskorpset.

Artikkeltags