– Vi hadde forventa ein komfortabel siger

FORVENTA: Sigeren mot Åsane 2 i treningskampen laurdag, var fullt forventa, ifølgje trenar Bjørn Totland. Foto: Arkivfoto: Geir Ivar L. Ramsli
FOTBALL: Førde knuste Åsane 2 i treningskamp. – Vi hadde forventa ein komfortabel siger.
Førde knuste Åsane 2 heile 5–0 i ein treningskamp laurdag ettermiddag.
Sigeren var slett ikkje uventa, seier trenar Bjørn Totland, som kunne sjå laget sitt lede med to mål etter pause.
– Åsane 2 er eit ungt juniorlag, så vi hadde forventa stor forskjell i laga. Så vi forventa med ein komfortabel siger, seier Totland.
Ruben Holsæter, Oskar Roti, Øystein Myrkaskog og Vegard Savland scora for Førde. Det siste målet var sjølvmål.
– Vi hadde ein veldig fin kamp i høve oppkøyringa og trente på visse ting som vi jobbar med.
Ifølge Totland er det forsvarsarbeidet Førde jobbar ekstra med.
Første kamp i serien er 14. april.
– Det er god stemning i laget, konstaterer han og legg til at treningskampen er eit steg i rett retning for dei.
Neste treningskamp er mot Florø 7. februar.
Kommentarer til denne saken