Førde slo seriemotstandar ut av NM-kvalifiseringa

PÅ SCORINGSLISTA: Ruben Holsæter scora Førde sitt første mål i kampen, då han sette eit frispark frå litt over 16 meter over muren og opp i krysset.

PÅ SCORINGSLISTA: Ruben Holsæter scora Førde sitt første mål i kampen, då han sette eit frispark frå litt over 16 meter over muren og opp i krysset. Foto:

Slo Studentspretten 2–0 i Sogndal.

DEL

Denne laurdagen møtte Førde sogndalslaget Studentspretten i kvalifisering i NM-cupen.

I tillegg til å vere ein kamp om kvalifisering til vidare cup-spel, var kampen på mange måtar også ein nivåfølar mellom dei to laga. Dei to skal nemleg også møtast i Kretsligaen i år, etter at Førde tok steget ned ein divisjon.

Men i laurdagens kamp var Førde sterkast. Bortelaget sikra seg sigeren etter to raske mål heilt i starten av andre omgang.

Det første målet var signert Ruben Holsæter, då han sette eit frispark i mål frå like utanfor 16-meteren.

Scoringa kom etter 49 minutt, og berre tre minutt seinare sette Kristian Hauståker inn 2–0 etter eit balltap av Studentspretten på eigen halvdel.

Fullstendig kampreferat kan du lese her.

Artikkeltags