Trua gjer at Ane Marte ikkje føler på presset om å vere «sykt perfekt»

MÅLRETTA: Relasjonen til det gudommelege har gjort at Ane Marte ikkje kjenner på presset om å vere «sykt perfekt» slik mange unge gjer i dag. – Å gjere det dårleg på ei prøve blir plutseleg ikkje så ille.

MÅLRETTA: Relasjonen til det gudommelege har gjort at Ane Marte ikkje kjenner på presset om å vere «sykt perfekt» slik mange unge gjer i dag. – Å gjere det dårleg på ei prøve blir plutseleg ikkje så ille. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Ho ser ut som 18-åringar flest, men skil seg likevel ut. Medan fleire vel å melde seg ut av den norske kyrkja, held Ane Marte Warvik (18) godt fast på religionen.– Utan den hadde eg ikkje vore den same.

DEL

Ho blei fødd inn i ein kristen familie, og slik starta det heile. Interessa kom med morsmjølka og har sidan vakse seg større. Frå ho var liten har ho vore med på kristne leirar og fått seg venner frå heile Norge. Firda Ung blei nysgjerrige og ville vite meir om korleis det er å vere religiøs som ungdom i dag.

Trøyst i kvardagen

Warvik er klar over at vi lever i eit samfunn der det kan sjå ut som færre og færre blir religiøse. Vi har det veldig godt, og kanskje er det grunnen til at behovet for å søke trøyst i religion er svekt. Likevel er ho klar på at relasjonen ho har fått til det guddommelege, er til god hjelp i kvardagen.

– For meg betyr den relasjonen veldig mykje og den hjelper meg mykje i kvardagen. Eg kjenner ikkje på det stresset om å vere «sykt perfekt» som mange på min alder kanskje gjer, for når alt kjem til alt, så veit eg at eg er elska. Plutseleg er det ikkje så ille å gjere det dårleg på ei prøve til dømes.

I tillegg til at Warvik har fått religionen gjennom morsmjølka, så har ho sjølv opplevd fleire bønnesvar.

– Det er ganske kult. Dersom eg til dømes er trøytt og ikkje får sove, så kan eg be og så sovnar eg. Ein kan sjølvsagt argumentere mot det, men slik har eg opplevd det. Eg har også høyrt fleire historier om at nære slektningar har blitt observert med englar rundt seg, eller sett englar sjølv. Dette er ting som gjer trua mi utruleg sterk.

Les også: Vil helst skilje seg ut i mengda

Trua er ho ikkje åleine om å dele. I dag har Warvik mange kristne venner både i og utanfor Førde som ho er saman med på fritida.

PROSJEKT: Ane Marte Warvik har gått inn for å lese heile Det nye testamentet på 100 dagar. – Eg gler meg til å kunne argumentere med å vise til innhald i Bibelen.

PROSJEKT: Ane Marte Warvik har gått inn for å lese heile Det nye testamentet på 100 dagar. – Eg gler meg til å kunne argumentere med å vise til innhald i Bibelen. Foto:

– Vi er ein ungdomsgjeng her i Førde som samlast frå tid til anna. Bibelgruppa på tysdagar er fast møtepunkt. Der spleisar vi på middag, er sosiale og set av tid til bønn og Bibel. Eg begynner å få eit ganske stort nettverk, både i og utanfor Førde, så eg føler på ingen måte at eg er den einaste trass i at det kristne miljøet på skulen ikkje er så stort akkurat.

Uredd og sjølvsikker

Om nokon som ikkje er kjent med Warvik sin relasjon til det guddommelege skulle heve på brynet, så har ikkje ho problem med å stå opp for seg sjølv.

– Nokre er skeptiske og kanskje dei fleipar med at eg er annleis. Heilt ærleg likar eg å skilje meg ut. Uansett så betyr det ikkje så mykje kva andre synest når trua står sterkt.

Les også: Men først, la oss ta ein selfie

Artikkeltags