Førde framleis i hælane på tabelleiaren

HEIMEKAMP: Gisle Isene og Førde tok ytterlegare innpå Årdal denne laurdagen.

HEIMEKAMP: Gisle Isene og Førde tok ytterlegare innpå Årdal denne laurdagen. Foto:

Slo Bremanger 4–1 på heimebane.

DEL

Serieleiar Årdal opna serierunden denne helga med å slå Stryn 4–2. Det var dermed ytterlegare press på Førde om å hente tre poeng på heimebane mot Bremanger på Førde stadion.

Det skulle vise seg som ei overkommeleg oppgåve, for etter 93 spelte minutt hadde Førde scora heile 4 mål.

Minuttet etter fekk Bremanger eit trøystemål, men det var liten tvil om at alle tre poenga vart att i Førde.

Med fire mål, halar Førde også innpå med tanke på målskilnad.

Årdølane har ei luke på tre poeng, men om dei skulle snuble i ein kamp vil Førde passere sogningane på målskilnad.

Førde står med 52 – 12, og har med det sleppt inn berre halvparten av måla Årdal har gjort. Årdal har derimot vore meir målfarlege, og står med 58 scoringar.

Referat frå kampen kan du lese i vårt direktestudio.

Artikkeltags