Fleire har observert tjukk, svart røyk på Øyrane – her er grunnen

ØVING: Brannvesenet i Førde øvde på ein bilbrann måndag.

ØVING: Brannvesenet i Førde øvde på ein bilbrann måndag. Foto:

Brannvesenet øvde måndag på bilbrannsløkking i Førde.

DEL

Fleire har tipsa Firda måndag om tjukk, svart røyk frå Øyrane-området i Førde.

Kolbjørn Øvrebotten ved alarmsentralen i Florø fortel at røyken ikkje er noko å uroe seg over.

– Det er brannvesenet som øver på øvingsstaden sin på Øyrane, seier han.

Øvinga starta i 10.30-tida.

Brannmannskap på staden fortel til Firda at dei har øvd på bilbrann-sløkking.

Like før klokka 11 var brannen sløkt, og mannskapet dreiv med nedkjøling.

RØYK: Dette bildet vart sendt til Firda måndag føremiddag.

RØYK: Dette bildet vart sendt til Firda måndag føremiddag. Foto:

Artikkeltags