Ap og SV i Førde går imot folkeavrøysting

Thor Mehammer er leiar i Førde Ap.

Thor Mehammer er leiar i Førde Ap. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Bystyret i Førde vil etter alt å dømme seie nei til folkeavrøysting om kommunesamanslåing torsdag.

DEL

Årsmøtet Førde Ap rår bystyregruppa til å seie nei, og i staden gå for ei ny innbyggarundersøking. SV-gruppa har drøfta spørsmålet og komme til at innbyggarundersøkinga i haust gav dei svara ein treng.

I formannskapet gjekk både Høgre, Venstre og KrF imot folkerøysting. Dermed kan Sp bli ståande åleine om å røyste for folkeavrøysting.

– Ap-gruppa har fått eit råd, men står heilt fritt til å diskutere løysingar med andre parti, seier lokallagsleiar Thor Mehammer.

– Grunntanken er at folk allereie er høyrde og at demokratiet er vareteke. Partia sine standpunkt var også klare ved haustens kommuneval. Ei folkeavrøysting kostar mykje, og dette er pengar vi kan bruke på eldreomsorg og andre utfordringar i kommunen, seier Thor Mehammar.

Artikkeltags