Det var så vidt kommentatorane kom på å nemne laget frå Førde, som stilte med startnummer 16 i NM-finalen i lagsprint i Alta i ettermiddag.

Men innsatsen til Torstein Bu og Gjøran Tefre overraska nok mange. Alt ved andre veksling var Førde-laget heilt i tet, og der heldt dei seg i etappe etter etappe.

Tre i teten

Tidleg i siste etappe var det tre løparar klart i tet: Andrew Musgrave frå Røa, Even Northug frå Strindheim og Gjøran Tefre frå Førde. Det var tydeleg at Musgrave sin taktikk var å halde så høg fart at Northug ville gå tom, så han slapp eit spurtoppgjer mot Northug.

– Men så er det Tefre. Han har jo og vist at han har ein enorm maksfart. Ein skal kanskje passe seg for han, sa ein av kommentatorane.

Etter kvart vart Tefre liggande lenger og lenger bak dei to, og til slutt var han fremst i eit hovudfelt som jaga etter dei to i tet.

Stivna som ein stokk

Og Musgrave lukkast – delvis – med taktikken. Midt i ein lang motbakke stivna Northug som ein stokk og slo over i rusletempo. Men ikkje lenge etter var løpet bortimot køyrt også for Musgrave. Han vart innhenta av hovudfeltet, og til slutt var det eit koppel på fire som kjempa om førsteplassen.

Til slutt vart det Håvard Solås Taugbøl som kneip førsteplassen, og først i feltet som kom etter dei fire var altså Gjøran Tefre. På femteplass. I år, som i fjor.