Jesper er heime i bygda for å få folk til å le

Jesper Edvardsen som «Livets kaptein» som forsøker å styre A4-skuta. Foto: Are Simensen
Jesper Edvardsen har eit romantisk forhold til bygdedans. I jula spelar han sjølv opp, og underheld, i Sunnfjord.
Som 19-åring flytta Jesper Edvardsen frå Naustdal til Austlandet, men i jula er han heime og klar for å prøve å få folk til å både le og danse, i heimbygda.
Eit romantisk forhold
For tredje året på rad skal han halde standup-show i Fosshalla i Naustdal 2. juledag, etterfølgt av at han, saman med musikar Bernt Torp, spelar opp til dans.
– Eg har eit romantisk forhold til Fosshalla og bygdedans. Eg vaks opp med gammaldans der då eg var liten, og etter kvart som eg blei eldre vart det litt meir fest-fest – type bygdefest der fleire generasjonar møttast, mimrar komikaren som no er busett på Oppegård.
Førestillinga «Kvinner og barn først» har han allereie synt fram både der og i Brummundal, Lillehammer og på Svanøy, i tillegg til på ein del firma-arrangement rundt om kring på Austlandet.
Dorullsal på dugnad
I tillegg til det som er i ferd med å kunne kallast eit årlege arrangement i Naustdal, skal Edvardsen i år også underhalde i Førde 3. juledag. Sjølv om dette blir eit nytt publikum, trur han sjansane er gode for at han slår an, også der.
– Showet handlar om A4-livet. Om dugnadslivet, interiørlivet, mann og kvinne, og alt som må til i A4-livet, seier han om forestillinga som skreiv seg litt ut frå livet på Oppegård der han bur.
– Men det er mykje ein kan kjenne seg att i i det, som det med dorullsal og dugnad, meiner han.
På «Det skjer»-sidene får du oversikt over diverse arrangement i nærområdet framover.
Sjølv om Edvardsen trur folk her vil ha glede av opplegget, må han innrømme at det å opptre i Naustdal også har nokre personlege fordelar for han sjølv.
– Sidan eg ikkje har budd her på ei stund, treng eg eit par rundar her i året for å stramme opp dialekta, seier han på ei dialekt som tydeleg har blitt noko forpesta av åra i aust.
– Det er ikkje så lett å halde på den, så dette treng eg, seier han leande og unnskuldande.
Kommentarer til denne saken