Espen (24) har laga app som skal gjere gåvehandling lettare

Espen Løbø Solhaug er spent på kor mange som kjem til å laste ned appen før jul. – Håpet er 2000, seier han.

Espen Løbø Solhaug er spent på kor mange som kjem til å laste ned appen før jul. – Håpet er 2000, seier han. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Har fått 440.000 kroner frå Innovasjon Norge til å vidareutvikle ønskeliste-appen.

DEL

– Det starta førre jul, då eg skulle ønske eg hadde ein ønskeliste-app, for å gjere gåvehandlinga enklare. I tillegg hadde eg lese i VG at ein av fire har kasta julegåver dei har fått, seier Espen Løbø Solhaug.

Han programerte sjølv appen som fekk namnet «Regaloy».

– Eg hadde ikkje programmert noko før, i heile mitt liv. Så det var ekstremt mykje å lære, seier Solhaug som kjem frå Vadheim men tar master i  byggingeniør i Trondheim. 

Eit heftig arbeidsjern

App-utviklinga har ikkje gått utover studiet: Av totalt 32 eksamenar på bachlor- og master-nivå, har han karakteren A på svimlande 30 av dei. Fulltidsstudenten har brukt  rundt 1200 arbeidstimar på appen.

– Det har gått mest utover søvn og trening. Mest trening, avslører han og takkar sambuaren for støtte som gjer det mogleg å gjennomføre det harde løpet.

Han har også spytta i 50.000 kroner frå eiga lomme, i prosjektet.

– Om pengane hadde forsvunne, hadde eg uansett syntest at det var ei veldig god investering. Eg har lært vanvettig mykje, både når det gjeld programmering og det å starte opp noko.

Slik fungerer appen:

  • Ein lastar ned appen og legg til vener, som i andre sosiale medium.
  • Ein legger til kva ein ønsker seg.
  • Alle vennene dine kan sjå kva du ønsker deg, bilde og skildring av det, samt kor det kan kjøpast.
  • Om ein av venenen dine har kjøpt noko av det du ønsker deg, kan alle dei andre venene dine sjå at dette er kjøpt. Du sjølv ser det ikkje.
  • Ein kan også ha felles ønskelister, til dømes om ein skal gifte seg, slik at venene til begge får tilgang til lista.

Med 440.000 kroner i støtte, ligg det an til å kunne gå rette vegen for prosjektet. Pengane skal brukast til marknadsføring, konsulentar, vidareutvikling og reiser i samband med utviklinga.

Brukarar frå fleire land

– Støtta er ei stor tillitserklæring som held motivasjonen oppe for vidare arbeid med appen. Vi har store planar for utvikling, dette er berre ein lettversjon, seier Espen som vil la profesjonelle ta hand om ein oppdatert versjon av appen dersom den slår an.

Etter ei veke på marknaden er første versjon lasta ned av 500. På ein god dag har 50 nye latt seg freiste.

– Det er folk frå heile landet, i tillegg til nokre frå USA og folk frå rundt 10 andre land.

Espen hevdar det også ligg ein miljøvennleg visjon bak appen, då den kan gjere til at det blir færre gåve-bomkjøp.

App

  • App er ein «mobilapplikasjon»: eit dataprogram som kan installerast på smarttelefon, nettbrett eller andre mobile einingar.
  • Kan vanlegvis lastast ned gjennom nettstad drive av utviklaren av operativsystemet til mobiltelefonen, som til dømes App Store.

– Ønsker ein seg boksarar og playstation-spel, endar ein ikkje opp med 100 boksarar og ingen spel, utdjupar Espen som også har fått hjelp av mellom anna søstera Kristin broren Sjur.

Spennande veker framover

No er dei kjempespente på korleis responsen vil bli i vekene framover.

– Appen er jo veldig aktuell no framover mot jul. Eg har veldig lyst på 2000 brukarar før jul, men det blir veldig spennande å sjå.

Blir det mange nok brukarar kan det ligge eit stort potensial for å tene pengar på den. I appen ligg det nemleg ei ordning for at kommersielle aktørar kan betale for at deira produkt blir anbefalt til utvalde målgrupper, i tillegg til at folks ønsker blir lenka rett til butikkar der produktet kan kjøpast.

– Eg har allereie fått nokre kontraktar med store bedrifter, men for å vere attraktiv må ein ha stor brukarmasse. Så vi går nokre veldig spennande veker i møte.

Artikkeltags