20 tilsette krev 2,3 millionar kroner. Rekneskap og kontoutskrifter vert granska

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Det er meldt inn 104 krav på i alt 7,3 millionar kroner i Tema Solutions konkursbu. I tillegg kjem lønskrav frå 20 tilsette på i alt 2,3 millionar kroner. I Tema Holding-konkursen er det meldt 14 krav på i alt 2 millionar kroner.