Autoforum er selt ut av fylket

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Firmaet Auto 8–8 i Møre og Romsdal har kjøpt opp Ford-forhandlaren.

DEL

– I eit tett samarbeid med Ford Motor Norge As er det inngått ein avtale mellom Auto 8–8 Bil AS og Auroforum AS, om at Auto 8–8 kjøper alle aksjane i Autoforum AS. Med i oppkjøpet er også eigedommane i Førde og Florø, skriv dei i ei pressemelding.

Overtakinga skjer i dag, 20. mars.

– Med oppkjøpet i Førde og Florø har Auto 8–8 gruppa ansvaret for heile Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Området blir dekka med Ford-forhandlarar på 6 stader, Kristiansund, Eide, Ålesund, Molde og no også Førde og Florø, samt underforhandlarar i Ørsta og Åndalsnes og avtaleverkstader i Surnadal og Leikanger. Auto 8–8 har over tid bevist at dei evnar å ta godt vare på kundar og jobbar målretta med Ford, seier administrerande direktør i Ford Motor Norge AS, Per Gunnar Berg.

Firda kjem tilbake med meir

Artikkeltags