Dei er ute på ein langt tøffare tur enn «Tour des Fjords»

Desse åtte skal ut på ein sykkeltur med over 15.000 høgdemeter i løpet av dei kommande dagane. Frå venstre: Ingvar Byrkjeland, Trond Naustdal, Norvald Hegrenes, Arve Endal (følgebil), Geir Nygård, Vidar Halland, Jon Olav Leira og Oddvar Flataker.

Desse åtte skal ut på ein sykkeltur med over 15.000 høgdemeter i løpet av dei kommande dagane. Frå venstre: Ingvar Byrkjeland, Trond Naustdal, Norvald Hegrenes, Arve Endal (følgebil), Geir Nygård, Vidar Halland, Jon Olav Leira og Oddvar Flataker. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SYKKEL: Syklar meir enn 15.000 høgdemeter i løpet av fire dagar.

DEL

Åtte sunnfjordingar er i desse dagar i ferd med å gjennomføre «Tour des Mountains». Dei starta frå Førde i det syklistane i «Tour des Fjords» suste over målstreken onsdag ettermiddag, og dei la den kvelden bak seg strekninga Førde-Rørvikfjellet-Gaularfjellet til Vik innan det vart midnatt.

– Starten vår var litt i seinaste laget, då hovudfeltet med dei internasjonale syklistane kom i mål ein halvtime seinare enn kva som var forventa. Men vi nådde ferja på Dragsvik, og fekk innlosjert oss i Vik føre midnatt, seier primus motor for den tøffe sykkelidéen, Geir Nygård.

– Fleire av oss har jo vore med på både «Norge på langs», samt «Norge på tvers» tidlegare. Men denne gongen fann vi ut at vi skulle prøve å sykle over dei sentrale fjellovergangane i Sør-Norge, seier Geir Nygård då Firda snakkar med syklistane medan dei torsdag ettermiddag er på veg over Hardangervidda.

Ruta

Dette er reiseruta:

Første kveld: Førde-Rørvikfjellet-Gaularfjellet-Dragsvik-Vik

Andre dag: Vikafjellet-Voss-Eidfjord-Hardangervidda-Geilo

Tredje dag: Gol-Golsfjellet-Fagernes-Beitostølen-Valdresflya-Vågåmo

Fjerde dag: Dombås-Åndalsnes-Trollstigen-Geiranger

Femte dag: Strynefjellet-Stryn-Utvikfjellet-Førde

– Vi kjem nok til å kjenne det i føtene når vi etter planen skal vere tilbake i Førde på søndag. Og det blir nok seint på kvelden, seier Geir Nygård og ser at den totale stigninga på turen totalt er på over 15.000 høgdemeter. Noko som i praksis er nesten to gonger høgda på Mount Everest eller omtrent 20 gonger opp Gaularfjellet.

– Kanskje dette kan bli eit populært ritt i framtida, og det er ikkje noko i vegen for at dei kan nytte namnet «Tour des Mountains». For dette må jo vere eit skikkeleg fjell-ritt, seier Nygård og ser at forutan seg sjølv, så består troppen av sju syklistar og ein person i følgebilen.

– Som tidlegare har vi Arve Endal med i følgebilen. Han står for det praktiske ved turen, og han passar på at vi får i oss nok næring underveges. Og det treng vi sikkert, seier Nygård.

Sju på sykkel

Han ser også at gjennomsnittsalderen på dette laget er langt høgare enn under sykkelrittet «Tour des Fjords». Faktisk ligg snittalderen noko over 50 år.

– Alder er berre eit tal. Vi har iallfall litt meir tyngde i unnabakkane. Men sikkert desto tyngre når det går oppover òg, ler Nygård.

Dei sju syklistane er Oddvar Flataker, Trond Naustdal, Ingvar Byrkjeland, Jon Olav Leira, Vidar Halland, Norvald Hegrenes og Geir Nygård.

Artikkeltags