Ingrid Svanes Haukereid (16) frå Førde.
Andrine Haugsbø

Slik brukar tenåringane mobilen

FØRDE: – Eg var åtte år då eg fekk min første mobiltelefon, seier ei. Firda Ung har snakka med fire ungdommar om mobilbruk.
Av
Publisert

Ingrid Svanes Haukereid (16) frå Førde

Kor mange timar brukar du på mobilen din om dagen?

Eg brukar fire–fem timar på mobilen min kvar dag.

Kva brukar du mobilen mest til?

Eg brukar den mest til å kommunisere med andre. Dei fleste eg snakkar med, er folk som bur utanfor Førde, men eg snakkar også med klassekameratane mine.

Har du reglar i heimen for mobilbruk? I så fall kva slags?

Nei, vi har ingen reglar om mobilbruk.

Kva meiner du om mobilbruken i 2017?

Omtrent alle brukar mobilen mykje. Men vi brukar den mest til å formidle, så det er vel positivt.

Kor gammal var du då du fekk din første mobil?

Eg var om lag åtte år gammal då eg fekk min første mobiltelefon.

Kor mykje pengar brukar du på mobilen i året/månaden?

Eg veit ikkje, kanskje 200 til 300 kroner i månaden? Det blir vel ca. 3600 i året.

Charlotte Johanna Winkler (15) frå Førde

Kor mange timar brukar du på mobilen din om dagen?

Charlotte Johanna Winkler (15) Førde

Charlotte Johanna Winkler (15) Førde Foto:

Mellom to timar og to og ein halv time til saman.

Kva brukar du mobilen mest til?

Sosiale medium, og å snakke med vener. Brukar for det meste Snapchat.

Har du reglar i heimen for mobilbruk? I så fall kva slags?

Ja, ikkje sende bilde av meg sjølv, ikkje dele for mykje informasjon om meg sjølv, og dei klassiske reglane for mobilbruk.

Kva meiner du om mobilbruken i 2017?

Det varierer frå gjeng til gjeng. Mange brukar for mykje mobil.

Kor gammal var du då du fekk din første mobil?

Eg var 12 år, men eg fekk ikkje lov å få ha sosiale medium før eg var 13 år, i slutten av åttande klasse.

Kor mykje pengar brukar du på mobilen i året/månaden?

Eg brukar litt over 600 kroner i året på mobilen.

Andreas Skårvik (16) frå Førde

Andreas Skårvik (16) frå Førde.

Andreas Skårvik (16) frå Førde. Foto:

Kor mange timar brukar du på mobilen din om dagen?

Éin time for dagen.

Kva brukar du mobilen mest til?

Sosiale medium som Facebook, Snapchat og Instagram.

Har du reglar i heimen for mobilbruk? I så fall kva slags?

Nei, vi har ingen reglar om mobilbruk heime.

Kva meiner du om mobilbruken i 2017?

Vi brukar mobilen svært mykje, og det er mange no for tida som er veldig små når dei får sin første telefon.

Kor gammal var du då du fekk din første mobil?

Eg var rundt ti år då eg fekk min første telefon.

Kor mykje pengar brukar du på mobilen i året/månaden?

Omtrent 200 kroner i månaden.

Ingrid Kårstad (14) frå Sande

Kor mange timar brukar du på mobilen din om dagen?

Ingrid Kårstad (15) frå Sande.

Ingrid Kårstad (15) frå Sande. Foto:

Altfor mange timar. Eg har ikkje peiling eigentleg, kanskje to til fire timar.

Kva brukar du mobilen mest til?

Eg snakkar for det meste med vennane mine via sosiale medium. Eg brukar alle sosiale medium utanom Twitter, trur eg. Det vil vel seie Instagram, Facebook, Snapchat og Jodel, men eg skriv ikkje noko på Jodel då.

Har du reglar i heimen for mobilbruk? I så fall kva slags?

Nei, vi har ikkje reglar om mobilbruk i heimen.

Kva meiner du om mobilbruken i 2017?

Det er veldig populært. Det er både positive og negative sider ved dette.

Kor gammal var du då du fekk din første mobil?

Eg trur eg var ni då eg fekk min første mobiltelefon.

Kor mykje pengar brukar du på mobilen i året/månaden?

Eg brukar 100 kroner i månaden, altså 1200 i året.

Saka er laga av Ronja Årskaug Vallestad og Andrine Haugsbø som har vore på utplassering hos Firda Ung frå 8. til 10. mars.

Artikkeltags