Lærdal sjukehus tilbake i normal drift

MÅTTE FLYTTAST HERIFRÅ: Lærdal sjukehus hadde ustabil straum, og pasientar vart flytta til Førde sentralsjukehus og til Voss. Torsdag er straumen fiksa i Lærdal.

MÅTTE FLYTTAST HERIFRÅ: Lærdal sjukehus hadde ustabil straum, og pasientar vart flytta til Førde sentralsjukehus og til Voss. Torsdag er straumen fiksa i Lærdal. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

LÆRDAL/FØRDE: Pasientar måtte flyttast frå Lærdal til Førde og Voss. Torsdag ettermiddag var sjukehuset tilbake i normal drift.

DEL

Lærdal sjukehus er frå torsdag ettermiddag tilbake i normal drift, melder Helse Førde i ei pressemelding.

Tysdag vart det meldt at ustabil straum på sjukehuset i Lærdal gjorde at inneverande pasientar vart flytta til Førde.

Årsaka var skifte av hovudstraumtavle ved sjukehuset måndag kveld. Dette førte til vanskar med straumtilførselen. Nokre pasientar blei då overførte eller lagt inn ved sjukehusa i Førde og på Voss.

Torsdag vart ny straumforsyning testa, og den fungerte då greitt.

– Vi har ikkje kunnskap om uheldige hendingar knytt til oppgraderinga av nytt hovedstraumskap, seier beredskapssjef i Helse Førde, Terje Olav Øen.

Det er framleis vanskar med den eine av dei to heisane ved lokalsjukehuset. Den nyaste og minste fungerer, og det er etablert prosedyre for å bruke denne ved akuttfunksjonar. Den eldre større heisen skal reparerast måndag.

– Svært mange har gjort ein stor innsats for å få dette til. Det gjeld både tilsette ved sjukehusa i Lærdal og Førde samt elektrofirmaet som har stått for arbeidet, seier Øen. Han rettar ein stor takk til alle som har stått på desse dagane.

Legevaktsentralen har gjennom ettermiddagen informert vaktlegane om at Lærdal sjukehus er i ordinær drift att.

Artikkeltags