Fann over hundre Førdespel frå 1987 på loftet – då gjekk Facebook bananas

NOSTALGI: Førdespelet kom i 1987. Det liknar Monopol, men alt du kan kjøpe er lokale butikkar og føretak som Nonstop sko, Gyngehesten, Sunnfjord Hotell og Firda, men også versthuset Grillen som ikkje finst lenger. Tysdag sorterte Bente Christin Eriksen dei siste spela.

NOSTALGI: Førdespelet kom i 1987. Det liknar Monopol, men alt du kan kjøpe er lokale butikkar og føretak som Nonstop sko, Gyngehesten, Sunnfjord Hotell og Firda, men også versthuset Grillen som ikkje finst lenger. Tysdag sorterte Bente Christin Eriksen dei siste spela. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Bente skulle berre rydde på loftet, men fann ein skatt fleire hundre ville ha tak i.

DEL

– Vi har hatt litt byte av tilsette på kontoret. Vi nye prøver å sette oss inn i kva som er her, så vi var på loftet og tok ein kik. Der fann vi ein haug gamle Førdespel. Det første eg tenkte var at «Oi, dette såg artig ut», fortel Bente Christin Eriksen i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane.

Førdespelet kom ut i 1987 og kan samanliknast med ein lokal variant av Monopol. Det var eit konsept frå Norges KFUK-KFUM, og det blei laga liknande spel mange stader i landet. Nordfjordspelet blei laga og i Sunnfjord blei Førdespelet laga, fortel Eriksen.

– Då vi såg at spelet var frå 1987, altså 30 år gammalt, forstod vi at dette var eit skikkeleg nostalgisk jubileumsspel. Det må vi sjå om vi kan delt ut, så vi får betre plass på loftet, seier Bente.

Overveldande respons

Dermed oppretta ho Vipps, slik at betalinga kunne bli enkel, og la ut ein post på kjøpe- og selje-gruppa i Førde på Facebook om at dei sel dei gamle Førde-spela for 200 kroner stykke.

– Responsen har vore litt meir overveldande enn eg trudde. Den har vore så bra at vi no har sett stopp.

Nær 200 har kommentert at dei gjerne vil kjøpe spelet, men langt frå alle får kjøpe.

– Vi har funne i alle fall 140 spel, men eg har ikkje eksakt tal no. Dei ulike delane ligg kvar for seg, så vi må sortere og sjå. Vi veit det er rundt 50 øskjer til, men det er ikkje nok delar til alle øskjene. Dei som har sortert før, har nok vore rause med setlane, eller så har noko blitt borte med tida, seier Bente.

Ho håpar dei har 18 spel til. Enn så lenge står folk på venteliste på Facebook.

Har slite ut det gamle

– Det er så artig, for folk blir så glade. Dei har gode minne frå spelet, hugsar det gjerne frå barne- og ungdomstida. Nokre har lurt på kven som selde det og kvar det blei av. Nokre kjøper fleire for å gi i gåve, andre kjøper eitt. Nokre har slite ut det gamle og ikkje visst kvar ein får tak i nytt, fortel Bente.

Tysdag er ho tilbake på kontoret og skal telje opp kor mange spel dei har att.

– Ingvar Byrkjeland, Anne Magerøy og Odd Leif Mjøs var arbeidsgruppe då spelet blei laga. Dessutan var Jakob Ommedal primus motor, seiast det. Odd Leif var sivilarbeidar og gjorde ein enorm innsats på sponsorplukking. Tiltaket gav viktige inntekter for barne- og ungdomsarbeidet, fortel Eriksen.

Les også: Dammar i telta var ingen problem for speidarane og Her vert den tradisjonsrike cupen sparka i gang

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken