Filmregissør vil lage portrett av Oddvar Torsheim

PORTRETT: Oddvar Torsheim kan bli protrettert på film. Filmprodusent Hans Nicolayssen har planen klar.

PORTRETT: Oddvar Torsheim kan bli protrettert på film. Filmprodusent Hans Nicolayssen har planen klar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Filmregissør Hans Otto Nicolayssen vil lage ein om dokumentar om Oddvar Torsheim.

DEL

Det er snakk om eit times langt portrett av kunstnaren som fyller 80 år 2. november i år.

Nicolayssen omtalar Torsheim som ein av Vestlandets mest kjende bildekunstnarar og ein original, folkekjær trubadur med trekkspel og eigne songar. Landskjend blei han med sine nynorske versjonar av kjente Beatles-låtar.

– Ei mengde spor

– Gjennom alle desse åra har han lagt igjen ei mengde spor etter seg i bilde, musikk og på film, skriv Nicolayssen i ei skisse til portrett han har sendt Førde kommune. Han søker kommunen om eit tilskot på 100.000 kroner av eit filmbudsjett på vel 1,2 millionar kroner.

Nicolayssen skisserer 20 sekvensar som handlar om alt frå animasjon av foto, film og TV-klipp til sekvensar om oppveksten, den daglege rutinen, Torsheim i arbeid og Torsheim-song til vakre Jølster-bilde.

Nytt kunstprosjekt

Og så er det snakk om utviklinga av eit kunstprosjekt fram til feiringa av 80-årsdagen 2. november.

– Her veit vi enno ikkje kva som ventar oss, skriv Hans Otto Nicolayssen (72) som Wikipedia omtalar både som filmregissør, filmprodusent og manusforfattar.

I 1979 debuterte han som spelefilmregissør med Kjærleikens ferjereiser etter Edvard Hoems roman. Han har leia fleire filmskap og vore produsent eller medprodusent for ei rekke filmar. I 1994 vart han den første leiaren for Vestnorsk Filmsenter i Bergen.

Artikkeltags