Reite fekk kulturprisen, men pengegåva gir han bort

IDENTITETSKJENSLA: – Reite har ei stemme og eit uttrykk som får oss til å forstå kven vi er, sa ordførar Olve Grotle om kulturprisvinnar Hans Jakob Reite.

IDENTITETSKJENSLA: – Reite har ei stemme og eit uttrykk som får oss til å forstå kven vi er, sa ordførar Olve Grotle om kulturprisvinnar Hans Jakob Reite. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: – Reite er ei gåve til Førde, sa ordførar Olve Grotle under utdelinga av kulturprisen. Men sjølve pengegåva Reite fekk av kommunen, gir han bort.

DEL

– Kulturprisen skal gå til nokon som skal vere ein stimulans i kulturlivet i kommunen. Hans Jakob Reite har hatt stor suksess med Førdefilmen, og har lenge vore aktiv med frivillig kulturarbeid i kommunen, seier ordførar Olve Grotle, og ramsar opp store prosjekt Reite har leia i Førde gjennom dei siste tjue åra.

Torsdag var det bystyremøte i Førde, men i lunsjen tok politikarane ein pause for å dele ut kulturprisen i Førdehuset. Prisen gjekk til ein innflytta sunnmøring, men likevel Førde sin kanskje største patriot.

– Eg trur han elskar oss

– Gjennom byutvikling har han skaffa seg ei stemme, men du kan aldri vite heilt kva som kjem ut. Han står fram som ein frelsar og refsar, og kommunen har ofte fått gjennomgå. Men eg trur han elskar oss. Han har ei stemme og eit uttrykk som får oss til å forstå kven vi er, og kva som er vår identitet, sa Grotle om heidersgjesten.

Kommunen hadde leigt inn mezzosopranen Christine Marøy til ei frekk, men vakker framføring til ære for Førde-patrioten.

.

TREKANTDRAMA: Med kona på eine sida og mezzosopranen Christine Marøy på andre sida fekk Reite ein skikkeleg hyllest av kommunen.

TREKANTDRAMA: Med kona på eine sida og mezzosopranen Christine Marøy på andre sida fekk Reite ein skikkeleg hyllest av kommunen. Foto:

– Eg er ikkje ein audmjuk person, så eg kan seie at eg er stolt og glad over prisen. Meir glad enn det de trur. For meg stikk dette djupt, sa kulturarbeidaren.

Reite takka både kommunen, den næraste familien, Fridtjov Urdal, Agna Øvrebø og alle som har jobba med han dei siste tjue åra i kulturbyen Førde. Men det var to personar som stakk seg fram i talen til 61-åringen.

– Eg vil takke mamma og pappa. Hadde det ikkje vore for at mamma ropte meg inn til radioen kvar gong radioteateret var på lufta, og pappa som lærte bort skrønene sine til meg, hadde eg ikkje stått her i dag og mottatt kulturprisen.

Gav 25.000 kroner til eit utkikkspunkt

I tillegg til heider og ære fekk Reite ei pengegåve på 25.000, men sidan filmskaparen tidlegare har gjort det klart at han tek ein lang pause i kulturelle prosjekt, valde han å gi gåva vidare.

– Eg vil gi prisen til Vidsyn og Christina Kvamme. Prosjektet hennar med utkikkspunktet i bystien, over Førde by, er i mi ånd. Eg føler eg har fått prisen sidan eg har synt fram Førde, og no gjer Kvamme det same med dette fantastiske prosjektet, sa Reite.

Artikkeltags