Alt stemte då dei to kora Cantate Choir og Førde Kammerkor heldt konsert saman på Kunstmuseet i Førde torsdag kveld. Dei to kora hadde først kvar si avdeling med eigne songar, før dei song nokre nummer i lag.
Cantate Choir har om lag same musikalske profil som Førde kammerkor, og resultatet var storslege. Fylkesmusikar Synnøve Bjørset var med på hardingfele på nokre av songane.
– Dette var veldig fint. Det var veldig flott akustikk i rommet, seier tilskodar Karen Helga Maurstig etter førestillinga.
Ho er sjølv biletkunstnar, og sette difor ekstra stor pris på at konserten fann stad på kunstmuseet.
Første gong
Dette var første gongen Cantate Choir vitja Førde, men dei to kora har sunge saman før. I oktober 2012 var nemleg Førde kammerkor i ein liten landsby sør for London, der dei song saman med Cantate i høve 10-årsjubileet til koret.
Øver hardt kvar for seg
Men sidan dette hadde dei to kora berre sunge saman halvannan time dagen før konserten i kunstmuseet. Dei andre øvingane har dei teke kvar for seg.
– Det er alltid utfordrande, men vi har jobba hardt i England, seier dirigenten, og legg til at det alltid er ein liten kime til konkurranse, fordi ein vil sikre seg at ein er gode nok og ikkje «skuffar» vertskoret.
Walker fortel at dei synest det har vore ei flott oppleving å komme til Førde og synge saman med Førde kammerkor, og å knyte vennskap med kormedlemene der.
Det tykte dirigenten Asbjørn Flåm i Førde kammerkor også:
– Det var veldig inspirerande! Det er naturleg å ha konserten i kunstmuseet, for det er eit utruleg godt lokale. Kanskje det beste i Førde for kammermusikk. Dette var første gong vi har hatt konsert nede, og det var mykje folk og veldig kjekt.
Dette song dei
Fellesnummera: Edvard Grieg - Ave maris stella, Nystedt - Astrid, mi astrid, folkevisa Pål sine høner. K. Orff - Tapsrondo.
Cantate: T. Morley – Now is the month of maying, P. Wilby - Weep, weep mine eyes, R. Williams - Just as the tide was flowing, G. Finzi – My spirit sang all day.
Førde kammerkor: E. Groven – Bukkevisa, Margit Hjukse med Synnøve Bjørset, Å la-la deg Tirilill, Torø Liti, Neslandskyrkja.
Dirigentar: Robin Walker og Asbjørn Flåm.