Skal byggje tre el-ferjer for ein halv milliard i Leirvik

Tre ferer skal byggast ved Havyard Ship Technology i Leirvik. Den første ferja skal leverast i midten av mai 2018.

Tre ferer skal byggast ved Havyard Ship Technology i Leirvik. Den første ferja skal leverast i midten av mai 2018. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HYLLESTAD: Den første ferja skal leverast i midten av mai 2018.

DEL

Fjord1 har bestilt tre elektriske ferjer som skal byggast ved Havyard Ship Technology i Leirvik i Hyllestad.

Ferjene er designa av Multi Maritime i Førde, og arbeidet er venta å starte umiddelbart.

Første levering i 2018

Den første ferja skal leverast i midten av mai 2018. Dei to siste skal vere klare mot slutten av 2018. Kontrakten har ein verdi på rett under ein halv milliard kroner.

– Det er svært gledeleg at Fjord1 har valt Havyard Ship Technology til dette oppdraget. Kontrakten syner at vi er konkurransedyktige i særdeles sterk konkurranse med både norske og utanlandske verft. Vi håpar og trur at dette berre er starten på eit langt og godt forhold til Fjord1, seier salsdirektør ved Havyard Ship Technology, Lars Conradi Andersen i ei pressemelding.

Produksjonen startar i slutten av 2017

Administrasjonen, teknisk og innkjøp kan starte arbeidet ganske umiddelbart, men skroget blir bygd ute, så utrustinga og produksjonen i Leirvik kan starte i slutten av 2017.

Les også: 60 må gå i Hyllestad og Jørn-Ole (27) var den siste som vart tilsett og den første som måtte gå

Conradi Andersen fortel at kontrakten sikrar god sysselsetting i 2018, men eksakt kor mange arbeidet vil sysselsette kan han ikkje svare på.

– Eg kan seie at det er viktig for oss, men vi vil ha meir arbeid i 2018. Utsiktene er betre enn på lenge. Spesielt ser vi at ferjer er interessant framover, i tillegg til oppdrett og fiske, seier Conradi Andersen og held fram:

– Denne kontrakten viser at vi har ein horisont. Det gjer at vi ser meir attraktive ut for andre oppdragsgivarar. Vi er her for å bli og satsar vidare. Det stadfestar kontrakten, seier han til Firda.

I pressemeldinga peikar han på at arbeidsstokken har vist stor evne til omstilling.

– Det er ekstra gledeleg å kunne sleppe denne nyheita rett før jul. Marknaden er i betring, og vi håper å kunne sleppe fleire positive nyheiter i tida framover, seier Conradi Andersen.

Mindre nybygg neste år

I 2017 er det mindre aktivitet når det gjeld nybygg.

– Vi jobbar hardt for å posisjonere oss på ombygging og reparasjonar. I 2017 skal vi bygge om ein supplybåt, i tillegg til to nybygg, men eg har stor tru på at det kan bli meir å gjere på reparasjon og ombygging.

Glad kontrakten gir jobbar i fylket

Konstituert administrerande direktør i Fjord1, André Høyset, er glad for at det vart ei norsk løysing.

– Havyard har levert det beste totaltilbodet på pris, kvalitet og leveringstid. Det var avgjerande. Vi har testa marknaden før, utan at norske aktørar vann fram. At heile løysinga er Sogn og Fjordane-basert er ei styrking av den maritime klynga i fylket. At vi kan bidra til sysselsetting er gledeleg, seier han.

To av ferjene skal inn på Brakstad-Valset i Sør-Trøndelag, der Fjord1 tar over som operatør i 2019. Den siste ferja skal gå mellom Husavik og Sandvikvåg i Hordaland.

– Kontrakten viser at det grøne skiftet innan ferjenæringa slår inn for fullt. Det er veldig sterke krav i forhold til redusert Co₂-utslepp i kontraktane som kjem på anbod no. Elektrifisering er hovudbildet i dei nye kontraktane, seier Høyset.

Har designa mykje for Fjord1

Ferjene er designa og utvikla av Multi Maritime som har levert nær 120 eigne skipsdesign, der over seksti er bil- og passasjerferjer. Dei nye ferjene blir nummer sytten, atten og nitten som dei designar for Fjord1. Administrerande direktør Gjermund Johannessen, er glad for at samarbeidet kjem fram, og ser fram til å jobbe med Havyard.

– Vi flyt litt på ei grøn bølgje av neste generasjon ferjer. Med denne kontrakten stadfestar vi vår posisjon som leiande innan miljøvennleg og energieffektiv ferjedesign. Det er nokre år sidan andre har tatt kontrakter på ferjedesign i Noreg, seier Johannessen.

Historisk har ferjebiten utgjort rundt 50 prosent av omsetninga til Multi Maritime.

– No er vi betydeleg over det, men det varierer frå år til år. Vi bygger oss gradvis opp, seier Johannessen som no har 32 tilsette i Førde.  

Artikkeltags