Trivsel på høgt nivå

ENGASJERTE STUDENTAR: Eli Nummedal, likar godt når ingeniørstudentar som Kristoffer Frivik Presthaug (t.v.) og Lasse Henden er aktive i studentmiljøet.

ENGASJERTE STUDENTAR: Eli Nummedal, likar godt når ingeniørstudentar som Kristoffer Frivik Presthaug (t.v.) og Lasse Henden er aktive i studentmiljøet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

UTDANNING: Studentane stortrivst på høgskulen sin campus i Førde.

DEL

I desse dagar svarar studentar i heile landet på Studiebarometeret sitt spørjeskjema. Tala frå 2015 viser gode resultat for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Ingeniørutdanninga skårar over landsgjennomsnittet på mange område.

Studiebarometeret måler blant anna læringsmiljø, medverknad, engasjement og undervising.

I toppen

– Vi har vore heilt i toppen på studiebarometeret sine undersøkingar, når ein samanliknar med andre ingeniørutdanningar. Høgskulen kjem også generelt sett godt ut, fortel instituttleiar for ingeniør- og teknologifag, Eli Nummedal.

Vidare kan Nummedal fortelje om eit godt studentmiljø i Førde, der studentane står på for å få ting til.

– Det er eit bra engasjement blant studentane i Førde. Vi set spesielt pris på at dei faglegsosiale aktivitetane aukar, og at studentane sjølv tar meir kontakt med næringslivet. Studentane er for eksempel også flinke til å stille opp på vegner av skulen, som når vi har besøk frå elevar frå vidaregåande skular.

Les også saka om ingeniørstudentane Lasse Henden (26) og Kristoffer Frivik Presthaug (25) frå Høyanger, som rosar skulemiljøet opp i skyene.

Plassmangel

Høgskulen har over 700 sjukepleie- og ingeniørstudentar i Førde. Talet på studentar har vakse dei siste åra. Terje Bjelle, viserektor for utdanning ved HiSF, fortel om ei positiv utvikling av læringsmiljøet dei siste åra. Med fleire studentar vert det eit meir levande studentmiljø. Bjelle trekker også fram ei utfordring med å auke talet på studentar og tilsette:

– Vi har det relativt trongt i Førde. Det ligg planar om å utvide, men då er vi avhengige av å få løyvingar frå nasjonalt hald. Vi håper å kunne løyse noko med lokale aktørar. Kanskje vert vi leigetakarar hjå Helse Førde etter kvart.   

Artikkeltags