Drikkepress gjer jula vanskeleg

Drikkepress gjer jula til ei vanskeleg tid for mange

Drikkepress gjer jula til ei vanskeleg tid for mange Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

– Mine pasientar slit veldig i jula fordi dei opplever at drikkepresset blir veldig sterkt. I jula er det "lov" å drikke, og det er ei forventning om at du skal drikke, slik at dei som vil halde seg edrue ofte synest det blir veldig vanskeleg.

Dette seier ruskoordinator i Helse Førde, Harald Munkvold, som arbeider med menneske med rusproblem på psykiatrisk poliklinikk ved sentralsjukehuset i Førde .

Han meiner ulike medium må ta mykje av ansvaret for det auka drikkepresset i jula og no i førjulstida, og at til dømes avisoppslag om testing av juleøl er veldig problematiske.

– Slike oppslag gjer det meir akseptabelt å drikke meir alkohol, og overalt blir det lagt opp til rusbruk i jula, seier han.

Fleire innleggingar

Munkvold fortel at det først og fremst er i etterkant av julefeiringa at dei opplever ein auke i innleggingar ved psykiatrisk poliklinikk.

– Nokre legg seg også inn før jul for å førebygge, og det er jo bra. Men det er ikkje tvil om at vi no er inne i ein vanskeleg periode for folk med større eller mindre rusproblem, seier han.

Krangling og vald

Hovudsakeleg fører julealkoholen til meir krangling og meir psykisk stress, men i nokre tilfelle også til valdsepisodar. Munkvold meiner likevel det er kranglinga og stresset som er det mest problematiske fordi dette rammar veldig mange enkeltpersonar og familiar.

Skader borna

Born kan oppleve det som problematisk at mor og far drikk alkohol i jula også utan at foreldra har alkoholproblem.

– Ungar vil ikkje ha forandring og synest det er ubehageleg dersom foreldra endrar oppførselen sin. Sjølv dersom mor eller far blir "hyggelegare" som følge av alkoholen, så likar ikkje ungane det fordi dei vil ha føreseielege foreldre, seier ruskoordinatoren.

Artikkeltags