Sju søkjarar til toppstillinga – her er lista

EINASTE KVINNA:  Åse-Iren Korneliussen er den einaste kvinna som har søkt på toppjobben som administrerande direktør i Helse Førde. Ho er helse- og omsorgssjef i Solund. Arkivfoto.

EINASTE KVINNA: Åse-Iren Korneliussen er den einaste kvinna som har søkt på toppjobben som administrerande direktør i Helse Førde. Ho er helse- og omsorgssjef i Solund. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: Åse-Iren Korenliussen er ein av sju søkjarar har meldt seg til stillinga som administrerande direktør i Helse Førde.

DEL

Turbulensen rundt førre administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, har ikkje skremt søkarane frå å ønske seg toppjobben i helseføretaket.

Bolstad sin avgang kom i mai etter langvarig konflikt i helseføretaket. Misnøya starta med viseadministrerande direktør Vidar Vie, og utvikla seg vidare til mistillit mot leiinga i helse Førde. Det førte til at Jon Bolstad søkte seg til ei ny stilling som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

Dette vil bli administrerande direktør i Helse Førde:

Thorbjørn Gaarder, Chief credit officer, Oslo.

Tom Guldhav, Avdelingssjef, Førde

Kjell Ove Høydal, Operativ leiar, Florø

Åse-Iren Korneliussen, Helse- og omsorgssjef, Solund

Mads Rekve, Avdelingssjef, Lærdal

Arve Varden, Rådmann, Høyanger

Ivar Edmund Vatten, Arbeidssøkande, Halsanaustan

Tilsettingsutvalet vert leia av styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad.

Artikkeltags