Moped køyrde på ein bil i Angedalsvegen i Førde

MOPED MOT BIL: Ein moped og ein bil har krasja tysdag morgon. Ein person er sendt til sjukehus.

MOPED MOT BIL: Ein moped og ein bil har krasja tysdag morgon. Ein person er sendt til sjukehus. Foto:

FØRDE: Helse Førde melder at det har vore eit trafikkuhell i Angedalsvegen.

DEL

Helse Førde AMK melder på Twitter at det har vore eit trafikkuhell i Angedalsvegen, nær krysset til Grovene. Ein moped køyrde inn i ein bil bakfrå.

Bilen køyrde i retning Førde sentrum, og skulle svinge opp mot Grovene då han måtte stoppe for ein syklist. Mopedisten køyrde då inn i bilen.

– Ein lege var på staden, men ikkje ambulanse. Derfor reknar eg med det ikkje er snakk om alvorlege skadar, seier Dag Olav Sætre i politiet.

Politiet sende ein patrulje til staden, men då dei kom til staden var ingen av partane der. Mopeden stod igjen.

– Patruljen vil kontakte dei involverte via telefon, seier Sætre.

Artikkeltags