Samla inn 177.610 kroner på to timar

Russestyret: Rekka bak frå venstre: Tarald Skaar (Mo og Øyrane) Ida Marie Osland (Mo og Øyrane) Andrine Ripe (Hafstad) Anja Seljeseth (Hafstad). Framme frå venstre: Robert Herstad (Mo og Øyrane) Samson Vie (Mo og Øyrane) Torine Ødven (Hafstad) Sivert Havnen .

Russestyret: Rekka bak frå venstre: Tarald Skaar (Mo og Øyrane) Ida Marie Osland (Mo og Øyrane) Andrine Ripe (Hafstad) Anja Seljeseth (Hafstad). Framme frå venstre: Robert Herstad (Mo og Øyrane) Samson Vie (Mo og Øyrane) Torine Ødven (Hafstad) Sivert Havnen . Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Ein rekordsum i løpet av dei sju åra innsamlinga har vore arrangert, seier Tove Nedrebø ved Øyrane videregåande.Russen ved Hafstad og Øyrane vidaregåande har samla inn penger til kreftforeningen.

DEL

Måndag 7. mars arrangerte russen ved Øyrane og Hafstad vidaregåande «Krafttak mot Kreft». Under innsamlingsaksjonen fekk russen inn 177.610 på to timar.

– Imponerande innsats av dei to skulane, seier miljøkoordinator ved Øyrane, Tove Nedrebø.

Rekordsum

Dette er det sjuande året russen i Førde samlar inn pengar til kreftsaka. Ifølgje Nedrebø er innsamlingssummen i år rekord.

– Vi har levert pengane til banken, og det må nok teljast ein gong til. Men om vi ikkje har telt heilt feil, skal summen vere 177.610, som er rekord, seier Nedrebø stolt.

Russestyret byrjar planlegginga og møte med rektor allereie i november.

– Dette er god innsats frå russen, og det er bra at det finst positiv russeaktivitet som foreiner dei to vidaregåande skulane.

– Noko alle har høyrd om

Russepresident Samson Wie (18) ønska å samle inn pengar til kreftsaka, og sa til Firda søndag at kreft er noko dei fleste har i familien, og som alle kjenner til. Wie sjølv har mista faren til kreft.

Nedrebø er samd i at kreftsaka er noko som er verd å jobbe for.

— Krafttak mot kreft, i regi av Kreftforeningen, er ein aksjon alle har høyrd om. Russen synest det er kjekt å gå med bøsse, og folk hadde til og med venta på dei for å gi pengar, fortel Nedrebø.

– Ein god tradisjon

Mellom 200 og 250 russ samla inn pengar, og Nedrebø synest innsamlinga er ein god tradisjon.

– Dei er ikkje pliktige å delta, men det er ein innarbeida tradisjon her blant russen i Førde. Vi har eit godt samarbeid med Kreftforeningen, og synest det er ei viktig sak. Kvart år samlar norsk russ inn millionar av kroner til kreftforeningen, fortel miljøkoordinatoren.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken