900 bulkeskadar i fylket – sjekk din kommune

RYGG INN: Det beste rådet kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, kan gje er å stresse ned og å rygge inn.

RYGG INN: Det beste rådet kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, kan gje er å stresse ned og å rygge inn. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

TRAFIKK: I Sogn og Fjordane åleine kosta parkeringsbulkar åtte millionar kroner. Dei fleste skadane skjer på ettermiddagstid. Ta deg tid, og rygg inn, er rådet frå forsikringsbransjen.

DEL

Heilt ferske tal Finans Norge har frå forsikringsbransjen viser at det vart registrert 900 parkeringsskadar i fylket i fjor, 190 av dei i Førde. Det gav utbetalingar på åtte millionar kroner, i Førde 1,2 millionar. I tillegg er det store mørketal. Sjekk din kommune i botnen.

Tidlegare undersøkingar har vist at over 50 prosent har opplevd å komme til bilen med ei ripe, utan at det er lagt att lapp. Kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, trur sanninga er at nærare alle som har hatt bil nokre år, har opplevd ein parkeringsskade.

I går skreiv Firda om Roald Magnussen som bulka ein bil og la att lapp, men som ikkje hadde samvit til å gå vidare før han fekk tak i sjåføren.

Les også: – Her finst det ærlege sjeler

Stress ned

Det verste tidspunktet er på ettermiddagen, då er sikkert mange litt stressa på veg mellom butikken og barnehagen, og nær inngangsdørene på kjøpesenter og butikkar. Hans beste tips er å stresse ned, og å rygge inn og køyre ut. Han trur vi ville unngått mange smellar om fleire gjorde det.

– Eg må berre rose Roald Magnussen. Han er eit forbilde mange bør ta lærdom av. Om ein ikkje kan vente, legg igjen ein lapp og noter bilnummeret, slik at ein kan ta kontakt i ettertid, seier Voll, og legg til:

– Parkeringsskadar er ofte små, men likevel dyre og er utruleg irriterande når ein ikkje er skuld i dei sjølv. Når ein er ærleg, lettar ein på sitt eige samvit samstundes som ein gjer den som har fått skaden utruleg glad.

Ta bilde

– Så godt som alle har mobiltelefon i dag. Det er veldig lurt å ta bilde av skaden, både på eigen og den andre sin bil. Det er òg lurt å ta bilde av området, slik at ein ser korleis bilane stod. Ofte er det vitne i området, og då bør ein prøve å få namna deira, seier han.

– Ein bør sikre seg så mykje dokumentasjon som mogleg, i tilfelle den andre parten ombestemmer seg eller er vanskeleg, er rådet frå Voll, som fortel at parkeringsskadar er typisk akkurat så små at det ikkje løner seg å ta dei på forsikringa.

Råda frå Voll:

  1. Stress ned og ta deg tid.
  2. Rygg inn og køyr ut.
  3. Parker litt unna inngangen.
  4. Dokumenter skadane.
  5. Snakk med eventuelle vitne.

Artikkeltags