Ørna ville ikkje flytte seg

HAVØRN: Fotografen møtte denne fuglen på veg mot Hafstadstølen.

HAVØRN: Fotografen møtte denne fuglen på veg mot Hafstadstølen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: - Kva slags fugl er dette? spør ein kar som torsdag var på veg mot Hafstadstølen og tok dette fotoet.

DEL

Fuglen var stor og såg ut som ei ørn, men det spesielle var den kvite fargen på hovudet som kunne minne om ei amerikansk kvithovudhavørn.

Fuglen vart ståande i vegen og flytta seg først då bilføraren tuta på den. Den verka sliten, og flaug berre nokre få meter.

Sjølv om motivet er langt unna og noko uskarpt, er Alv Ottar Folkestad, kongeørnekspert i Norsk Ornitologisk Forening, ikkje i tvil etter å ha fått bildet tilsendt på e-post.

– Dette er ei vaksen havørn. Den lyse halsen og hovudet ligg godt innanfor den fargevariasjonen som er hos havørn, og på denne fuglen fell lyset på hals, hovud og nebb på ein måte som skaper kontrast mot resten av fuglen. Kvithovudhavørn er reint kvit på hovud og hals og vanlegvis også tydeleg mørkare brun på kroppen, slik at kontrasten mellom hovud og hals mot kroppen blir svært slåande, lyder svaret hans.

Han meiner fuglen kan hende har vore på jakt etter slakteavfall frå hjortejakta.

– Det er svært vanleg i desse dagar, og ein fugl med velfylt kro synest ikkje det er om å gjere å komme på vengane raskt, så det kan vere ei rimeleg forklaring på at han ikkje flytta seg særleg langt. Dersom det var stilt vêr i tillegg, og fri flukt i hovudsak langs vegen, og med havørna som ein utprega energiøkonomist, kan det ha forsterka motivasjonen ytterlegare, skriv Folkestad i eit svar til Firda.

Artikkeltags