Slik vil dei bruke 2016

Hilde Gunn Bråstad

Hilde Gunn Bråstad Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Reidar vil bli meir impulsiv, medan Linda vil sjå meir enn Førde. Fem på gata fortel kva dei skal gjere i 2016 som dei aldri har gjort før.

DEL

Hilde Gunn Bråstad

16, Kvammen

– Kva vil du gjere i 2016 som du aldri har gjort før?

– Eg skal mest sannsynleg gå VG2 i York i England. Det er ei unik moglegheit for å oppleve ein ny kultur, skule og få minner for livet. Slike sjansar får ein ikkje kvar dag.

– Kva håpar du å lære av det?

– Å bli betre i engelsk, og meir sjølvstendig som person. Det kjem til å bli skummelt, men vi er heldigvis fleire i klassen som reiser, i tillegg til om lag 80–100 andre norske.

Robin Marvik Gjesdal

24 år, Førde

– Kva vil du gjere i 2016 som du aldri har gjort før?

– Sidan 2010 har eg jobba med å utvikle ein innandørs variant av amerikansk fotball i Førde. Sporten er Arena Touchdown, og i år har den offisiell opning under årets Arena Bowl. Arrangementet er ikkje noko nytt for ungdommen i Førde, men det har vore ei spennande reise med stadig nye utfordringar å gå gjennom for å komme der er i dag.

– Kva håpar du å lære av det?

– Eg vil lære andre unge kva effekt trening og lagspel kan ha for kroppen, både fysisk og psykisk. Det er ein prosess med fleire månadar med trening, som blir avslutta med ein finale der fleire hundre tilskodarar ser på. Ein lærer at ein har unike eigenskapar, som ein verkeleg ikkje trudde ein hadde, og ikkje minst lærer ein korleis det er å leve så tett på andre.

Emilie Charlotte Berge

24 år, Førde

– Kva vil du gjere i 2016 som du aldri har gjort før?

– Eg har ein sterk lidenskap for reising, og eit ønske om å oppleve mest mogleg. Eg vil besøke flest mogleg land i løpet av livet. No har eg og nokre venner starta den beste delen av 2016. I løpet av dei kommande seks–sju månadene har vi planlagt å dra på backpacking og besøke Australia, New Zealand, Asia og Afrika.

– Kva håpar du å lære av det?

– Meir om andre sin kultur og sjå mest mogleg av verda der ute. Ikkje minst gler eg meg til å lære meir om meg sjølv og å vekse som person.

Reidar Fugle Nordhaug

18 år, Førde

– Kva vil du gjere i 2016 som du aldri har gjort før?

– I løpet av 2016 har eg lyst å ta meg ein skikkeleg backpacking-tur, der eg saman med venner haikar og reiser litt rundt som vi ønsker. Eg trur det vil utvide komfortsona mi litt, i tillegg til at eg har lyst å erfare verda på ein litt ny og eventyraktig måte.

– Kva håpar du å lære av det?

– Å vere litt meir impulsiv av meg, og få eit meir avslappa forhold til å reise og oppleve nye ting.

Linda Skilbrei

16 år, Førde

– Kva vil du gjere i 2016 som du aldri har gjort før?

– Reise, sjå, oppleve, erfare meir enn det vesle Førde har å by på. Aller mest gler eg meg til å dra på konsertar og ulike arrangement. Til våren reiser eg og to frå klassen på konsert i Oslo der vi skal sjå eit band som heiter «The 1975».

– Kva håpar du å lære av det?

– Meir om korleis ein reiser på eiga hand, og korleis det er å ha ansvar.

Artikkeltags