Gå til sidens hovedinnhold

Torsdag blei Torun sykla ned – no vil ho gjerne at syklisten tar kontakt

Artikkelen er over 3 år gammel

– Han hadde det nok travelt og gløymde å gi meg namnet sitt, seier Torun Lucassen.

Torsdag ettermiddag rundt klokka 14 var ho på veg oppover Angedalsvegen i Førde, då ho brått blei sykla ned av ein anna syklist.

– Eg høyrde eit pling, så small det og eg låg i asfalten. Det er veldig smalt fortau der, og eg rakk ikkje reagere, seier Lucassen.

Mannen stoppa og hjelpte henne opp.

– Eg var litt forfjamsa og redd for å reise meg. Han hjelpte meg opp, og vi utveksla nokre få ord. Eg var fortumla og spurte ikkje etter namnet hans. Han ønskte meg god betring og sykla vidare, fortel Lucassen.

Ho gjekk eit godt stykke for å kjenne på formen, før ho prøvde å sette seg på sykkelen.

– Då merka eg at noko var gale med sykkelen. Eg trur det er girsystemet som er øydelagt.

Torsdag kveld har ho etterlyst mannen på Facebook. No håpar ho at han tar kontakt.

– Der og då tenkte eg på helsa, og ikkje på sykkelen. Han var ein høfleg mann, som nok hadde det travelt, så eg håpar vi kan snakkast om reparasjon av sykkelen.

Kommentarer til denne saken