Dei siste fem månadane har Emilie Sunde og Ingrid Mjøs frå Førde sett verda med sine eigne auge.

Emilie og Ingrid hadde lenge snakka om å ta eit friår og reise. Dei var ganske skulelei og ville ha eit avbrekk. Året før dei var ferdig på vidaregåande, sette dei seg ned og plana turen saman med reisebyrået Kilroy.

– Vi besøkte Asia, Afrika, Australia, New Zealand, Sør-Amerika og avslutta reisa i San Francisco. Der tok vi han litt ut. Vi shoppa ein del, sidan vi ikkje hadde gjort det på heile reisa, seier Emilie.

Nye smakar og fargar

Av alle plassane dei besøkte var India og Peru favorittstadane.

– India og Peru var høgdepunktet på turen for oss begge, fordi alt var annleis enn det vi er vant til. Vi fekk masse nye inntrykk. Uansett kor vi gjekk var det noko som fekk deg til å føle noko. Dei levde på sin eigen måte, følgde tradisjonar, fortel Ingrid.

– Kulturen var heilt annleis. Masse nye smakar og fargar. Sjølv om dei har lite, så har dei store personlegheiter. Dei har andre verdiar, dei vil ikkje ha det slik som oss, seier Emilie.

I Australia fekk dei teste køyreferdigheitene då dei måtte køyre på andre sida av vegen.

– Eg synest det er kjempekult av vi har køyrt på venstresida av vegen, og det er eg stolt over. Det var ganske rart å komme heim og skulle køyre på høgre igjen, ler Emilie.

Jobba eit halvt år

For å tene opp nok pengar jobba dei eit halvt år. Ingrid jobba på eit bakeri mens Emilie hadde tre forskjellige jobbar for å klare å få nok pengar.

– Vi sette ei grense før vi reiste på 135.000 kroner per person, men vi brukte ikkje så mykje. Vi rekna med alt. Det vi seie fly, ein plass å bu, mat, lommepengar og så vidare, seier Ingrid.

– Vi hadde to gruppereiser, det var i India og sørlege Afrika. Då reiste vi i lag med andre. Det var ganske greitt for transportsystemet er ikkje så godt utvikla og kulturen er så annleis. Eg trur ikkje vi hadde klart oss åleine, seier Emilie.

Dei budde for det meste på hostel, men sov også i telt, campingbil og hotell nokre gongar.

– Vi kom i kontakt med masse spennande folk gjennom hostella, for då må du på ein måte prat med folk, seier Emilie.

Dei bestilte mange av overnattingane på førehand.

– Vi fekk og kjenne litt på den spennande kjensla av å ikkje vite kvar ein skal bu for natta, legg Ingrid til.

Meir imøtekommande enn heime

Dei har opplevd at menneska i utlandet er meir imøtekommande og lettare å prate med enn nordmenn.

– Det er annleis å møte folk i utlandet. Ein kan snakke med alle, smiler Ingrid.

– Vi har fått ein del kommentarar på at vi ikkje er så brune, men det var ikkje derfor vi reiste. Vi reiste for å oppleve og sjå verda.

Les også:– Norge er fattigare enn vi trur