Turgåar reagerer på falleferdig brakke

Dette er brakka som får turgåarar til å reagere. – Ein storm, og brakka vil bli spreidd utover naturen, fryktar Firda sin tipsar.

Dette er brakka som får turgåarar til å reagere. – Ein storm, og brakka vil bli spreidd utover naturen, fryktar Firda sin tipsar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Kan bli spreidd i naturen ved storm.

DEL

Ved enden av Trodalsvatnet står ei brakke som får turgåarar til å reagere.

– Den er i ferd med å falle ned. Ved storm så vil brakka bli spreidd ut over i naturen. Det er ikkje bra, seier Magnar Gangsø (64) om brakka som må seiast å vere både vindskeiv og falleferdig.

Gangsø meiner brakka burde vore riven og tatt vekk, men han veit ikkje kven eigaren er.

– Men eg reknar med det er kommunen som har ansvaret for å rydde opp i sånt, når ikkje eigar gjer det, seier han.

No ber han Førde kommune kontakte eigar for å få brakkerestane fjerna snarast.

Det er ikkje mykje som manglar før brakka/hytta fell saman.

Det er ikkje mykje som manglar før brakka/hytta fell saman. Foto:

Bør rivast eller reparerast

Også Naturvernforbundet er einige i at nokon må ta fatt.

– No kjenner eg ikkje til akkurat dette bygget. Men generelt sett så stør vi synet at viss det står hus i utmark eller i fjellet, så må det anten haldast i stand eller rivast slik at det ikkje blir ståande til skjemsel, seier pressekontakt Erik Solheim i Naturvernforbundet.

Han legg til at det tidlegare har vore større problem med hus til nedfalls i naturen.

– Før stod det mange stølshus og sel som blei forlatne. Men der har utviklinga endra seg. No tykker eg å sjå at anten er dei reparerte, eller så er dei vekke, seier Solheim.

Kommunen: – Treng meir konkret info

Odd Harry Strømsli, leiar i Byggesak og arealforvaltning ved kommunen, seier at han ikkje kjenner til den falleferdige brakka eller kven som eig den.

– Vi må få vite noko meir konkret før vi kan reagere. Det finst byggekrav til eksisterande bygg, og vi kan pålegge eigarar om betring eller riving viss det er for ille. Men som sagt, før vi går så langt må vi ha rikeleg med dokumentasjon på tilstanden, seier han.

– Det er den eine sida. Ein ting som er endå viktigare for at vi skal reagere, er om det er fare for liv og helse. Dersom ungar finn dette som ein leikeplass, så er det ikkje heilt heldig. Men kva situasjonen er her kjenner eg ikkje til, held han fram.

Kjem de til å oppsøke brakka for å sjå på den?

Vi har nok å gjere. Så skal vi ta tak i dette må vi få noko meir konkret. Eg vil vere såpass streng, seier Strømsli.

Artikkeltags