Holsen Kyte raskast opp Skåla

RASKAST I KVINNEKLASSA: Karoline Holsen Kyte hadde bestetid opp Skåla laurdag. Her er ho avbilda i Førde.

RASKAST I KVINNEKLASSA: Karoline Holsen Kyte hadde bestetid opp Skåla laurdag. Her er ho avbilda i Førde. Foto:

Førde-løpar Karoline Holsen Kyte hadde den raskaste tida blant damene i Skåla Opp.

DEL

Ingen kunne gjere noko som helst med 26-åringen Karoline Holsen Kyte under laurdagens Skåla Opp.

Førde-jenta kom i mål ved Skålatårnet på tida 1.23.29, heile 5 minutt og 13 sekund før Johanna Åström frå Sverige som tok andreplassen.

Tredjeplassen vart teken av May Britt Buer, med 1.31.29, nøyaktig 8 minutt bak vinnartida.

Stian Angermund-Vik frå Bergen som tok sigeren. Den tok han med tida 1.09.56

Stian Øvergaard Aarvik, som spring for Gneist, tok andreplassen. På plassen bak kom Johan Bugge frå Molde.

Dei første to lokale namna på herresida dukka opp på 13. og 16.-plass.

Johan Olav Botn frå Stårheim IL tok 13.-plassen med 1.17.55, medan Vegard Holsen frå Førde tok 16.-plassen med 1.19.20.

Rekorden har stått i 34 år – i helga sletta Karoline (26) den

Dette har aldri skjedd før – vinnarane Eli Anne (26) og Karoline (25) kom i mål på nøyaktig same tid

Artikkeltags