Marius sprang frå alle halvvegs i løpet – tok sitt andre NM-gull

VINNAR: Marius Vedvik tok denne laurdagen NM-gull i terrengløp i Larvik. Her er han avbilda som NM-vinnar på 5000-meter i 2016.

VINNAR: Marius Vedvik tok denne laurdagen NM-gull i terrengløp i Larvik. Her er han avbilda som NM-vinnar på 5000-meter i 2016. Foto:

Ingen kunne gjere noko med Førde-løparen laurdag. Han kunne springe inn til sitt andre NM-gull i terrengløp i karriera.

DEL

Denne helga er det NM i terrengløp i Bøkeskogen i Larvik.

Der sikra Marius Vedvik frå Førde seg sitt andre NM-gull i terrengløp, ved å vinne seniorklassen for menn.

Vedvik, som spring for Gular IL, rykka frå alle halvvegs i løpet. Han sikra seg då ei luke som ingen av dei andre greidde å hente inn.

Då det stod att ei runde hadde Vedvik ei luke på fire sekund, og då halve sisterunden var unnagjort hadde han auka luka med eit nytt sekund.

Med det kunne han kontrollere løpet og sikre sigeren.

Artikkeltags