Kva skjer med bompenge-forvirringa i Førde?

FØRDEPAKKEN: – Vil kommuneleiinga gjere noko med den fakturaordninga Førdepakken no praktiserer og har ansvar for– eller vil dei teie skandalen i hel – slik dei plar gjere når dei får negative merknader og motsegn til vedtaka i Førdepakken, spør Helge Ottesen i dette debattinnlegget.

FØRDEPAKKEN: – Vil kommuneleiinga gjere noko med den fakturaordninga Førdepakken no praktiserer og har ansvar for– eller vil dei teie skandalen i hel – slik dei plar gjere når dei får negative merknader og motsegn til vedtaka i Førdepakken, spør Helge Ottesen i dette debattinnlegget. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Ordførar Olve Grotle uttalte i Firda, torsdag 17. januar, at han ville ta initiativ til ein gjennomgang av bompengefaktureringa. Det ville han gjere i samarbeid med rådmann Mari Haugen som sit i styret til Ferde AS. Det er då forventa at det vil skje ei rask avklaring og opprydding i rotet med bompengeinnkrevjinga for Førdepakken, sidan båe kommunetoppane har sin arbeidsplass i rådhuset. Men no har det gått over 14 dagar, og alt er ved det gamle.

I mellomtida har eg fått ny faktura for januar 2019, med fakturaperiode 23.12.2018-23.01.2019. På desse 30 dagane har eg fått 49 passeringar til betaling. Eg har tatt ut underlaget for passeringane på «Min side» på www Ferde.no, og finn ut følgande:

I perioden 02.01–23.01.2019 har eg 32 passeringar. Det er to passeringar over taket på 30 i månaden. Eg skulle dermed kunne køyre gratis resten av månaden etter avtalen om passering av bomringen i Førde. Og fakturaen skulle lyde på kr 624,-., slik det gjorde etter betalingsreglane før juli 2018. Men det gjeld ikkje lengre. Taket er fjerna, og det er slutt med gratispasseringar. Neste fakturaperiode vil begynne 24.01.2019. Berre vent og sjå.

Helge Ottesen

Helge Ottesen Foto:

Grethe Kleppe driftssjef i Ferde AS meiner dei har høve til å utvide fakturaperioden. Vidare har driftssjefen uttalt at Ferde AS ikkje sender ut faktura under 900 kroner – for å spare utgifter med færre utsende fakturaer! Og det skjer i 2018/2019 der all fakturahandsaming skjer elektronisk! Fiffig!

Dette gjev moglegheit til å eliminere taket på 30 passeringar i månaden, og med ulike fakturaperiodar er det uråd å samanlikne med det vi betalte tidlegare. Sjølv ikkje ved årsskiftet. Med den gamle fakturaordninga med månadsbetaling, gjekk siste faktura i året fram til 31.12, medan den nye ordninga berre gjekk fram til 11.12. Det gjev høve til å hente passeringar til neste faktura i 2019 frå 12.12.2018, fordi det ikkje eksisterer noko tak lengre, og det blir utnytta til fulle viser det seg.

Sjølv om eg berre fekk fakturaperiode fram til 11.12., fekk eg likevel ni passeringar meir i 2018 enn eg gjorde fram til 31.12 året før med den gamle fakturaordninga. Likevel hentar Førdepakken ti nye passeringar i 2018 (frå 23.12 til og med 31.12.) til den nye fakturaen i 2019. Summen blir då 42 passeringar. Men det er ikkje nok til å få fakturaen over 900 kroner.

Førdepakken plussar då på ytterlegare sju passeringar slik at summen av passringar blir 49! Kor dei siste sju passeringane kjem frå veit ikkje eg. Det går ikkje fram av fakturaunderlaga eg har fått tak i. Førdepakken kunne klart seg med fem passeringar mindre for å kome over 900 kroner, men eg trur Førdepakken vil opp i same nivå som på førre faktura (over 1100 kroner).

Dei aller fleste betaler med autogiro, og bryr seg ikkje om å kontrollere dersom det ikkje er for stort avvik mellom beløpa. Det kan vere grunnen til mest mogleg like faktura for kvar periode. Men det kunne dei spart seg i mitt tilfelle. Eg brukar berre autogiro til firma eg har tillit til og som sender ut like fakturaer til faste tider, og Førdepakken er ikkje blant desse.

Konklusjonen blir: Eg har fått fakturaer på 9+10+7 = 26 passeringar meir i 2018 enn eg hadde på tilsvarande tid i 2017. Då vi hadde eit tak på 30 passeringar i månaden.

Er ikkje dette svindel, så forstår ikkje eg. Spørsmålet er då: Vil kommuneleiinga gjere noko med den fakturaordninga Førdepakken no praktiserer og har ansvar for– eller vil dei teie skandalen i hel – slik dei plar gjere når dei får negative merknader og motsegn til vedtaka i Førdepakken?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags