I 29 år har Hilde laga til festival, her er hennar siste program

VERDAS BESTE: Ifølge Hilde Bjørkum er Fanfare Ciocarlia verdas beste brassband.

VERDAS BESTE: Ifølge Hilde Bjørkum er Fanfare Ciocarlia verdas beste brassband. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Eit breitt utval norske og internasjonale artistar kjem til Førdefestivalen 4.–8. juli. På tapetet står alt frå hallingdans og jølstraspringar, til feministisk flamencodans.

DEL

– Folk er opne for nye ting, og det er heilt fantastisk. Vi presenterer jo stort sett musikk som folk i Norge ikkje kjenner til, men folk har vore utruleg nysgjerrige likevel.

Det seier Hilde Bjørkum, avtroppande direktør for Førdefestivalen om festivalpublikumet dei siste åra. Dette blir hennar 29. og siste år som direktør for festivalen.

(Saka held fram under bildet)

HALLING: Bilde frå framsyninga «Dei gamle er eldst».

HALLING: Bilde frå framsyninga «Dei gamle er eldst». Foto:

Årets festival har temaet «Dansen i musikken – musikken i dansen». Derfor vert det naturlegvis fleire dansenummer, og mykje dansevennleg folkemusikk, i tillegg til fleire dansekurs for publikum. Ei av danseframsyningane Bjørkum trekker fram, er «Dei gamle er eldst».

– Det er ein ny produksjon i samarbeid med Riksscenen i Oslo, seier Bjørkum.

– Mange av dei store førebilda innan hallingdansen er med i framsyninga, og koreograf Silje Onstad Hålien er ein ung og framstormande artist og dansar.

I tillegg nemner Bjørkum «4 WOMEN 4», ei spansk flamenco-framsyning, som handlar om spanske kvinner sin kamp for likestilling.

(Saka held fram under bildet)

FLAMENCO-FEMINISME: Kvinnene i «4 WOMEN 4» dansar seg gjennom historia om kvinnekampen i Spania.

FLAMENCO-FEMINISME: Kvinnene i «4 WOMEN 4» dansar seg gjennom historia om kvinnekampen i Spania. Foto:

Brassband, kyrkjemusikk og politikk

– I tillegg kjem verdas beste brassband, Fanfare Ciocarlia, fortel Bjørkum.

– Alle korpsfolk burde valfarte til fylket den dagen. Det er verkeleg heilt rått å høyre på dei.

Bjørkum meiner òg at den nye kyrkjekonserten «Op Sødeste song» er viktig å få med seg. Kyrkjekonserten er ei samling av religiøse folketonar frå Sogn og Fjordane.

Barokksolistane er også på programmet, med deira «Alehouse sessions, ei framsyning som viser fram musikken i engelske ølhus og tavernaer på 1700-talet.

(Saka fortset under bildet)

Barokksolistene framfører musikk frå ølhusa i 1700-talets England.

Barokksolistene framfører musikk frå ølhusa i 1700-talets England. Foto:

Også songarinna Aynur, frå Kurdistan, er blant trekkplastera i år.

– Songane til Aynur handlar i stor grad om stoda til det kurdiske folket, og kanskje spesielt dei kurdiske kvinnene, seier Bjørkum.

– Både Aynur og «4 WOMEN 4» tar opp politiske tema. Er dette eit gjennomgåande tema for festivalen?

– Kunsten har til alle tider vore med på å forme og kommentere samfunnet. Mange av våre artistar er i ein situasjon der dei ikkje får opptre fritt i heimlanda, svarer Bjørkum, og peikar på at dei meiner det er eit samfunnsansvar å setje fokus på viktige tema.

Siste direktør-år
Hilde Bjørkum går av som leiar for Førdefestivalen

Hilde Bjørkum går av som leiar for Førdefestivalen Foto:

I år er Hilde Bjørkum sitt siste år som direktør for festivalen. Neste år blir altså første gong Førdefestivalen går av stabelen utan Bjørkum som leiar.

– Det har vore ei heilt fantastisk reise. Eg kjenner meg privilegert som har fått vere med på å bygge opp festivalen, fortel Bjørkum.

– Eg er stolt over at den har fått ei så stor rolle, både nasjonalt og internasjonalt. Eg har lært utruleg mykje.

Bjørkum nemner både artistar, samarbeidspartnarar og medarbeidarar, som har bidratt positivt dei siste 29 åra, men det er likevel nokon ho legg ekstra stor vekt på:

– Både publikum og dei hundrevis av frivillige har vore heilt fantastiske!

Desse kjem til Førdefestivalen 4.-8. juli

  • Fanfare Ciocarlia, RO
  • Aynur, TR
  • Canzoniere Grecanico Salentino, IT
  • Frigg, FI
  • Constantinople & Ablaye Cissoko, CA/IR/TR/SN
  • Danyel Waro, RE
  • Flamenco – 4 WOMEN 4, ES
  • Barokksolistene - The Alehouse Sessions, NO/UK
  • Elida Almeida, CV
  • Cimbaliband, HU
  • Cassie & Maggie, CA
  • Trio Lopez Petrakis Chemirani, ES/GR/IR
  • Fanfaraï Big Band, FR/AL/MA
  • Dimitris Mystakidis, GR
  • Hazelius Hedin, SE
  • Jyotsna Srikanth, IN/UK
  • Muchacho & Los Sobrinos, ES
  • Majorstuen, NO
  • Marja Mortensson, NO
  • Timbila Muzimba, MZ
  • Small Island Big Song, VAR
  • Son del Nene, CU
  • Anne Hytta, NO
  • 9 grader nord, NO
  • Arve Henriksen/Kim Rysstad/Synnøve S. Bjørset/Sigbjørn Apeland/Malin Alander – Op sødeste sang, NO
  • Jorun Marie Kvernberg/Daniel Herskedal/Unni Boksasp/Filip Roaldsnes – På geitevis, NO
  • Erlend Apneseth/Sigmund Eikås/Kyrre Eikås Ottersen/Gro Marie Svidal/Emil Horstad – Klangen av Astrup, NO
  • Småviltlaget, NO
  • Helga Myhr/Lars Fivelstad Smaaberg, NO
  • Daniel Lazar/Almir Meskovic, RS/BA
  • Hallingan, NO
  • Audun Stokke Hole, NO
  • Linda Eide, NO
  • Silje Onstad Hålien – Dei gamle er eldst,  NO
  • Intro-folk: Helga Myhr og Ole Nilssen, NO

Artikkeltags