Andrea starta dagen med festivalfrukost – resten av dagen veit ho ingen ting om.

Andrea Kirketeig vart henta på jobb av venninnene sine til eit utdrikningslag.

Andrea Kirketeig vart henta på jobb av venninnene sine til eit utdrikningslag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Nokre var der for maten, andre for musikken. Ein jentegjeng var der på utdrikningslag.

DEL

Den tradisjonelle Festivalfrukosten såg laurdags morgon ut som den kom til å bli eit noko våtare arrangement enn det arrangørane nok håpa på. Men Førde-været oppførte seg.

Tok utdrikkingslaget på frukosten

Nede ved Jølstra hadde ein jentegjeng med påteikna frekner teke maten med seg for å nyte den langs elvebreidda.

– Ikkje snakk med oss, snakk med brura, seier ein av dei og peiker lenger bort.

Andrea Kirketeig hadde planlagt ein dag på jobb hos Arne's Frisørhjørne, men venninnene hennar hadde andre planar.

– Eg vart henta på jobb no nettopp, så eg anar ikkje kva vi skal, seier brura.

Ho skal gifte seg seinare i år, men laurdag kjem til å gå med til eit lengre utdrikningsprogram som venninnene har sett opp. Programmet var løyndomsstempla då Firda spurte om innsyn.

Spelte til dans

Underhaldninga under frukosten stod mellom anna Fjelli Ungdomslag frå Stryn for. Festivalen hadde invitert dei tolv ungdomane som er mellom 13 og 18 år til å danse halling og springar for tilskuarane.

– Dei startar i 3. klasse, seier Asbjørg Hustveit Sølberg som saman med mannen Arne leiar Fjelli Ungdomslag.

– Eg trur det er viktig at dei eldre er eit slags førebilde og at dei yngre ser at dei eldre er gode og har lyst til å bli like gode.

Asbjørg og Arne hadde vore på fleire konsertar under årets festival og syns det var mykje bra. Dei hadde teke med seg ein noko motvillig gjeng på ein av konsertane:

– Vi var på ein afrikansk konsert i går kveld, det syns dei var litt kjedeleg. «Off, eg kunne heller ha stått i siloen og arbeidd», sa ein av dei.

Asbjørg og Arne set av meir tid til folkemusikk og planlegg ein tur for å sjå på Sigrid Moldestad i ettermiddag.

Er der mest for maten

Åleine på eit langbord sat Olai Helle Espe – berre to år gammal, men med to tallerkar mat.

– Han et mykje, men ikkje så mykje, fortel mor Caroline Helle då ho kjem bort etter å ha henta noko å drikke til dei to.

– Eg er her åleine med han i dag sida far er vekke denne helga.

Ho trur ikkje dei kjem til å gå på nokre konsertar i dag når det berre er dei to – Olai har ein større interesse for mat enn folkemusikk – i alle fall enno.

Artikkeltags